Topptur til Hestefjellet

Topptur til Hestefjellet

Hestefjellet er ein populær topp i området rundt Stryn Skisenter. Fjellet er lett tilgjengeleg og byr på mykje bra skikøyring. Turen opp tar ca 2 timar og er fin i kombinasjon med Natakupa eller Kar...

Hestefjellet er ein populær topp i området rundt Stryn Skisenter.
Fjellet er lett tilgjengeleg og byr på mykje bra skikøyring. Turen opp tar ca 2 timar og er fin i kombinasjon med Natakupa eller Karifjellet.
Ta heisen opp i Steindalen, og gå derfrå oppover mellom Hestefjellet og Natakupa. Kryss opp til venstre eit stykke før skaret og følg ryggen til topps.

Nedkøyring: Gli frå varden, over den store flata og ein kul i retning skisenteret. Etter flata og kulen kan du sjølv velge kor bratt du vil køyre. Det blir brattere dess lenger mot høgre du køyrer. Sikt mot den einslege hytta og kryss over til rundløypa, eller hald meir direkte mot Bøasætra og ned i rundløypa. Da kan du også køyre gjennom
Ta heisen opp i Steindalen, og gå derfrå oppover mellom Hestefjellet og Natakupa. Kryss opp til venstre eit stykke før skaret og følg ryggen til topps.

Nedkøyring: Gli frå varden, over den store flata og ein kul i retning skisenteret. Etter flata og kulen kan du sjølv velge kor bratt du vil køyre. Det blir brattere dess lenger mot høgre du køyrer. Sikt mot den einslege hytta og kryss over til rundløypa, eller hald meir direkte mot Bøasætra og ned i rundløypa. Da kan du også køyre gjennom open skog mot Tonningssætra.

Info:

Attributes

Vinter