Sykling i Nordfjord

© Ronny Solheim
Sykkel mountain biking Nordfjord Norge
© Ronny Solheim
Sykkel Gloppen Nordfjord
© Ronny Solheim
Sykkel mountain biking Nordfjord
© Stian Gustafson
sykkel mountain biking gloppen

Sykling 

 

Vi gjer dei på to hjul moglegheita til velje, enten du brenn for landevegssykling eller stisykling. Det varierte landskapet i Nordfjord vil alltid tilby det lille ekstra til deg som ønskjer ei unik sykkeloppleving. Søker du bratt stigning opp eit fjell eller ein enkel tur i ein pittoresk bygdeby? Nordfjord er svaret. Hos oss kan du sykle på gamle kjerrevegar der det sjeldan er trafikk, på asfalt som svingar seg opp gjennom dalane, eller langs havet med sjøsprøyt i nakken. Uansett sykkel, uansett sti garanterer vi ei oppleving du seint vil gløyme. Vi spør oss sjølv, er Nordfjord eit av Norge sine råaste sykkeldestinasjonar? Med unike omgjevnader og stadig nye sykkelstiar, meiner vi svaret er ja. Sleng deg på sykkelsetet og dra til Nordfjord, så får du svaret ditt.

Flofjellet, frå Hellesylt til Stryn
Frå Hellesylt syklar vi mot Vollset, der vi tek den bratte og kuperte vegen nedover Flofjellet til fruktbygda Flo. Deretter langs Oppstrynsvatnet og vidare på RV 15 mot Stryn (hugs lykt, tunnel). Der er noko stigning frå Hellesylt til Vollset, men det er ein god sykkelveg. Flofjellet har flott natur med ville fossefall og fredfulle vatn. Du passerar også fleire setrar. Turen tek 4–6 timar, og er om lag 40 km lang. Det høgaste punktet er rundt 550 m.o.h.  

 

Stryn
Turløyper Stryn: Merka terrengsykkelløyper mellom Stryn Vinterski og Ullsheim.

Stisykling i Oppstryn:
Napen er med sin sykkelsti i verdsklasse (flytsti) og passar for den erfarne. 

Glæra/Himalayastien er ein dobbelt svart løype for den godt erfarne, som ønskjer ei ekstra utfordring.

Hjellestien består stort sett av grusveg og noko sti, passar for alle.

Erdal, passar for born fram til den første setra. 

Lysløype, passar for alle.

Pump track på Folven

 

Harpefossen, Eid
Fine område for tursykling i rundløype (8 km) som passerar 4 setergrender, eller på den Gamle Postvegen i idylliske omgivelsar frå Harpefossen til Bjørkedalen og tilbake (20 km). Sesong frå mai til oktober.

 

Gloppen
Populært for stisyklistar. Områda Haugsvarden, Leirstøylen og Vereideskogen er godt eigna. I tillegg kan du i Gloppen sykle til mange av dalane og flotte støylskvier på gode skogsvegar. Pump track på Sandane.

 

Det er vakkert å oppleve Nordfjord på to hjul, som byr på magiske sykkelopplevelser for alle.