Stryn digital turistinformasjon

Den digitale turistinformasjonen i Stryn er tilgjengeleg heile døgnet og er enkel å bruke. Ved å trykkje på skjermen kan besøkande utforske kva Stryn og Nordfjord har å by på under opphaldet.

Om produktet

Tavla gir inspirasjon og praktisk informasjon om:
- Aktivitetar og attraksjonar
- Fotturar og naturopplevingar
- Overnattingstilbod
- Restaurantar og kaféar
- Lokale opplevingar og ting å gjere

Løysinga er utvikla i samarbeid mellom Visit Nordfjord og Stryn kommune for å gjere det enkelt å oppdage kva som finst i området.

Stryn og Nordfjord har vore vertskap for turistar i over 150 år, og det har vore leveveg og tilleggsnæring i mange familiar. Sjølv om ei digital løysing no tek over for den tradisjonelle turistinformasjonen, veit vi at Stryn kommune har mange flinke ambassadørar som kvar dag gjer sitt ytterste for å formidle gode opplevingar til besøkande.



Eigenskapar

  • Summer
  • Winter
  • Spring
  • January
  • February
  • March
  • April
  • May
  • June
  • July
  • August
  • September
  • October
  • November
  • December
  • Autumn

Kontakt oss

  • Perhusvegen 24
    6783 Stryn