CBIS 6660782
CBIS 6660783
CBIS 6660784

Storskredfjellet

Turen til Storskredfjellet er ein abselutt favoritt blant lokale. Det er like fint å gå denne turen både på sommaren og på vinteren. På toppen er det ei enorm utsikt over Strynevatnet.

Parker ved Strynsvatn Camping, gå gjennom campingplassen og følg skogsvegen oppover. Ta til venstre ved første kryss og gå til vegen sluttar. Opp til venstre er det ein markert sti til setra. Vidare går det greitt gjennom tett skog opp til nydlege Rjupedalen. Sving til venstre lengre oppe, og gå over den breie ryggen mot Melandfjellet. Ryggen er lang og fører deg heilt til topps. Det er ein luftig og forhaldsvis krevande tur. Turen er 5,8 km lang og fjellet er 1742 m.o.h.