Smørhamn Handelsstad

Smørhamn Handelsstad

Historie gjennom 400 år. Ferie i unikt miljø. Det osar av historie i Smørhamn. Kong Christian V var her i 1685. Kong Fredrik IV overnatta med sitt følgje i 1704. Kong Christian VI var her i 173...

Historie gjennom 400 år. Ferie i unikt miljø.

Det osar av historie i Smørhamn.
Kong Christian V var her i 1685.
Kong Fredrik IV overnatta med sitt følgje i 1704.
Kong Christian VI var her i 1733, saman med dronning Sophia Magdalena.
Dagens kongeskip har ankra opp rett ved oss fleire år på rad – så vi venter berre på at dei kongelege skal kome innom på besøk?
Fiskeri, jektefart, brennevinshandel og tingmøter er berre noko av historia opp gjennom tidene.
Då som no var det gjestgjevarar i Smørhamn. Her var det plass til alle – både kongar og lekmenn.
Du er såleis i godt selskap når du gjester Smørhamn!

Du er tett på naturen i Smørhamn.
Kong Fredrik IV skreiv i dagboka si at «lam beita på taket».
I dag finn du sauer og lam på beitet like ved!
Javisst er det godt å vere i Smørhamn
Ta med heile familien, vener eller kollegaer.
Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane.
Du kan hente fersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet.

Ta turen på fjellet like i nærleiken, eller besøke sauer i skjergarden. Kan du dykke er det fine forhold til det. Båtar med påhengs(15 fot m/9,9 hk – 15 hk) kan leigast. Robåt...
Javisst er det godt å vere i Smørhamn
Ta med heile familien, vener eller kollegaer.
Vi har plass til frå 16 – 25 pers. fordelt i 5 leilegheiter. Her har de tid og mulegheit for å ta del i dei gode opplevingane.
Du kan hente fersk fisk, rett i gryta, frå båt eller brygge, eller vere med å fiske krabbe til festmåltidet.

Ta turen på fjellet like i nærleiken, eller besøke sauer i skjergarden. Kan du dykke er det fine forhold til det. Båtar med påhengs(15 fot m/9,9 hk – 15 hk) kan leigast. Robåt er og muleg å prøve.

Skal du feire noko, har vi og lokaler til små og store grupper (20 – 80 pers.) Du kan ta med festmat sjølv, eller bestille utanfrå.
Smørhamn ligg 5 min. i bil frå Kalvåg, med butikk, restaurant og mange andre gode tilbod.

Leilegheitene
Vi tilbyr 5 godt utstyrte bueiningar med plass til 2-6 personar. Alle leilegheitene har kjøkkenkrok m/kjøleskap/frys, oppvaskmaskin og komfyr.
Kvar leilegheit har eige bad m/dusj og dobbel sovesofa i alle stovene.
God lydisolering mellom bueiningane.

Aktiv ferie i fredelege rammer
Godt merka turløyper i nærområdet, du vel den utfordringa som passar deg: Dåsabu, Veten, Smalerabben, Hornelen, Vetvika og mange andre merka turar. Ein fin sommardag vil vi anbefale deg å ta ein tur på Grotlesanden som kun ligg ca 20 min unna med bil. Er veret mindre innbydande kan Kalvåg by på Carolas buaspa – med innandørs sandstrand. Eller du kan ta ein tur til Hjortegarden i Ålfoten. Vi tek og gjerne gjester med på ei omvisning for å fortelje historia om Smørhamn Handelsstad. I den største sjøbuda har vi og ei utstilling.

Info:

Attributes

Kjæledyr tillatt
Dobbeltseng
Sovesofa
Enkeltseng
Havutsikt
Barnevenleg
Nærme naturen
Røykfritt
Fotturar
Hund
Vannkoker/Kaffimaskin
Balkong/terasse
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Ved fjorden
Sprinkelseng tilgjengeleg
Gratis Wi-Fi