Skuten

Vil du sjå Stryneelva som slynger seg nedover mot fjorden? Då er Skuten den rette turen for deg.

Om produktet

Skuten er ein kort og familievennleg tursti i Stryn, ca. 200 høgdemeter over parkeringsplassen til Nedstryn kyrkje. Stien går opp til venstre 100 meter etter at skogsvegen startar ved riksveg 15. Stien er ca 750 meter. Går du skogsvegen heile vegen til Skuten er turen 2,5 km. Du parkerar gratis ved Nedstryn kyrkje.

Stien er ikkje særleg bratt, men har ein del trapper og stein. Turen tek om lag 30 minutt og er populær blant lokalbefolkninga. I tidlegare tider var dette ein av kvileplassane for dei som gjekk opp til sætra. Eit alternativ til stien er å ta traktorvegen opp til Skuten. Ved skiltet tek du av til venstre og følgjer stien dei siste metrane ned til utsiktspunktet.

Vel oppe finn du eit fint utsiktspunkt med benkar og gapahuk, og ei flott utsikt over Strynedalen og Stryneelva som buktar seg ned mot sentrum.


Vis omsyn i naturen
Skuten ligg i eit område med gardsdrift og beitedyr i sommarhalvåret. Ta difor ekstra omsyn når du ferdast i området:

● Hald avstand til beitedyr og unngå å forstyrre dyra.
● Lat grinder vere slik du fann dei.
● Hald hunden i band. I Stryn kommune er det bandtvang frå 1. april til 15. oktober.
● Hald deg til stien for å unngå unødig slitasje på terrenget.
● Bruk parkeringa ved Nedstryn kyrkje. Ikkje parker langs veg eller skogsvegar, slik at ein ikkje hindrar tilkomst.
● Motorferdsel er ikkje tillate på skogsvegen ved Skuten.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Januar
  • Februar
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Oktober
  • November
  • Desember
  • Haust

Kontakt oss

  • Nedstryn Kyrkje
    6783 Stryn