Skøyter i Nordfjord

Skøyter i Nordfjord

Å gli ut på eit islagt vatn kan vere ei flott oppleving og ein enkel og morosam måte å oppleve vinteren sine små gleder på.

Når kulda har fått satt seg litt vinterstid og gradestokken kryp godt under minus, så er det ofte sikkert å oppsøke mange av dei islagte tjern og ferskvatna i regionen. I indre Nordfjord kan vi nemne desse vatna Langesetvatnet, Oppstrynsvatnet, Lovatnet og Oldevatnet. Midt i Nordfjord så finn du stader som Breimsvatnet, Bergheimsvatnet og Hornindalsvatnet som kan vere greie å sjekke ut. Det kan vere lurt å halde seg nær kanten av vatna, dersom ein er usikker. Ta ein prat med lokalkjende
Når kulda har fått satt seg litt vinterstid og gradestokken kryp godt under minus, så er det ofte sikkert å oppsøke mange av dei islagte tjern og ferskvatna i regionen. I indre Nordfjord kan vi nemne desse vatna Langesetvatnet, Oppstrynsvatnet, Lovatnet og Oldevatnet. Midt i Nordfjord så finn du stader som Breimsvatnet, Bergheimsvatnet og Hornindalsvatnet som kan vere greie å sjekke ut. Det kan vere lurt å halde seg nær kanten av vatna, dersom ein er usikker. Ta ein prat med lokalkjende personar for å vere sikker på å finne dei beste og tryggaste skøyteisen.

Men ver merksam på verskifte og sjekk gjerne tjukkelsen på isen. Særleg nære elveløp kan isen vere utrygg. På varsom.no kan du sjå ismeldingar for heile landet.

All ferdsel er på eige ansvar.

Info: