Seljumannamessa på Selja

Seljumannamesse 4. - 8. juli 2026.

Om produktet

Seljumannamesse er ei årleg markering til minne om Sta. Sunniva og dei heilage seljemennene, og har røter tilbake til dei eldste kristne tradisjonane i Noreg. Arrangementet finn stad på den historiske klosterøya Selja, eit viktig pilegrimsmål gjennom fleire hundre år.

I dag vert Seljumannamesse markert med gudstenester og liturgiar frå ulike kristne tradisjonar i dei stemningsfulle ruinane av klosteranlegget på Selja. Arrangementet gir ei unik oppleving der historie, kultur og tru møtest i spektakulære omgjevnader ved havet.

Legenda om Sankta Sunniva danna grunnlaget for etableringa av den norske kyrkja.
Gjennom heile mellomalderen var Sunnivakulten eit viktig mål for pilegrimar som valfarta til Selja. Selja var bispesete for Vestlandet frå 1068-1170, og rundt år 1090 etablerte engelske benedictinarmunkar landets første kloster.

Også i vår tid feirar vi Seljumannamesse i tråd med dei gamle tradisjonane søndagen nærast Sunnivamesse.

Eigenskapar

  • Sommar