Rakssetra

Rakssetra

Rakssetra ligg idyllisk til som eit postkort i fjellsida mot Årheimsfjellet. Dette er ein tur som har blitt svært populær siste tida. Kvar dag gjennom sommaren tek mange mennesker seg opp her.

Rakssetra er ei seter. Seter er frå gammalt av ein plass der ein tok med dyra sine for å beite på sommaren. Bygningane på ei seter blir oftast kalla sel, desse høyrer til dei ulike gardane i Bygda. Det er på grunn av dyra og tidlegare seterdrift at landskapet rundt er så vakkert og det skal ein takke bøndene for. I dag blir Rakssetra nytta som ferieplass for dei som eig sela der. Det er difor viktig å ha respekt for at det framleis er folk som bur her delar av året og brukar dette som hyttene
Rakssetra er ei seter. Seter er frå gammalt av ein plass der ein tok med dyra sine for å beite på sommaren. Bygningane på ei seter blir oftast kalla sel, desse høyrer til dei ulike gardane i Bygda. Det er på grunn av dyra og tidlegare seterdrift at landskapet rundt er så vakkert og det skal ein takke bøndene for. I dag blir Rakssetra nytta som ferieplass for dei som eig sela der. Det er difor viktig å ha respekt for at det framleis er folk som bur her delar av året og brukar dette som hyttene sine.

Parkering/tur til Rakssetra
Turen til Rakssetra startar på Oppheim mellom Stryn og Loen. Det er bomveg det siste stykket inn mot parkeringsplassen, og ei avgift på 70kr. I starten følger ein anleggsvegen mot Hoven før ein deretter tar til venstre og følger ein merka sti som fører til Rakssetra. Her er det panoramautsikt til Olden og Loen. Ein treng ikkje alltid gå på dei høgaste toppane for dei store naturopplevingane! Berekna tid er kring 1 time og setra ligg på ca 540 moh.

I frå Rakssetra kan ein gå vidare opp til Oppheimsetra på 640 moh på fin sti og derfrå til Hoven på grusveg, der ein finn Loen Skylift, flotte fjellturar og ein heilt ny Zip-line.

Camping/overnatting på Rakssetra:
I allemannsretten står det at camping skal skje MINST 150 meter frå nærmaste hytte eller hus. Dette betyr at ein ikkje kan sette opp telt eller hengekøye på sjølve sætra. Vi ber alle besøkande om å følge dette då dei som eig hyttene på Rakssetra skal kunne få ha privatlivet sitt og roen dei har rett på når dei er på hytta si.

Det er forbode å tenne bål mellom 15. april og 15. september, med unntak av plassar som i vasskant eller på godkjente bålplassar der brannfaren er liten. Du er juridisk ansvarleg for at flammar ikkje spreiar seg og for at den er sløkt før du forlet området.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst