CBIS 6225493
CBIS 6225487
CBIS 6225488
CBIS 6225489
CBIS 6225490
CBIS 6225491
CBIS 6225492
CBIS 6225494

Oldevatn Camping

Oldevatn camping ligg idyllisk til ved Oldevatnet i Stryn kommune, omkransa av fjell og brear.

Campingen er eit perfekt utgangspunkt for turar, utflukter, fisking eller avslapping i flott natur. Den er også godt tilrettelagt for familiar med leikeplass og aktivitetar ved vatnet. Vatnet som campingen ligg ved, er kjend som eit godt fiskevatn, der både øret og røye bit på. Har ein lyst å prøve fiskelukka er det sal av fiskekort og utstyr i kiosken å få. Campingen tilbyr utlån av båtar, kano syklar og trøbåt.

Overnatting:
Det finns 8 hytter på campingen, alle har avdelte soverom, sengetøy kan kjøpas i resepsjonen.
Der er eigne plassar for telt, campingvogn og bubil.
Campingen har straumuttak og tømmestasjon for bubil og campingvogner.

Der er kiosk, resepsjon, opphaldsrom og TV-stove på området samt eit romsleg kjøken med gasskokeplater og mikrobølgeomn som gjestene kan nytte seg av med tilhøyrande sitteplassar både inne og ute. Campingen har sanitæranlegg med dusj og mulighet for vask av kle.