Norsk Fjordhestsenter

Fjordhesten er ein av dei eldste og reinaste rasane i verda. Han er ein av tre særnorske hesterasar, og vert rekna som Noreg sin nasjonalhest. På Norsk Fjordhestsenter kan du få ri denne vakre hesten....

Fjordhesten er ein av dei eldste og reinaste rasane i verda. Han er ein av tre særnorske hesterasar, og vert rekna som Noreg sin nasjonalhest. På Norsk Fjordhestsenter kan du få ri denne vakre hesten.
Fjordhesten er avla fram på Vestlandet og bar namnet vestlandshest i mange år. Landskapet på Vestlandet er prega av lange fjordar og bratte fjell, og historisk var folk avhengige av å ha ein hest som stødig kunne ta seg fram i det ulendte terrenget. I tillegg til å ha vore viktig innan transport var fjordhesten ein ideell gardshest på dei små og tungdrivne gardsbruka då han er liten, sterk, uthaldande og lettfôra. I dag er fjordhesten ein allsidig familie- og hobbyhest. Han er også populær innan...
Fjordhesten er avla fram på Vestlandet og bar namnet vestlandshest i mange år. Landskapet på Vestlandet er prega av lange fjordar og bratte fjell, og historisk var folk avhengige av å ha ein hest som stødig kunne ta seg fram i det ulendte terrenget. I tillegg til å ha vore viktig innan transport var fjordhesten ein ideell gardshest på dei små og tungdrivne gardsbruka då han er liten, sterk, uthaldande og lettfôra. I dag er fjordhesten ein allsidig familie- og hobbyhest. Han er også populær innan terapiriding og turisme grunna hans rolege gemytt.

Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordingen. Det er også stor kursaktivitet ved senteret gjennom året, og Fjordane folkehøgskule har si undervisning her. Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen.

Info: