Nilsstova | Påldtun

Nilsstova | Påldtun

Velkomen til Nilsstova, ein unik og sjarmerande stad som tilbyr den perfekte tilflukta i hjartet av Nordfjord. Nilsstova ligg i frukthagen til Påldtun. Når du er gjest hos oss, kan du plukke og ete fe...

Velkomen til Nilsstova, ein unik og sjarmerande stad som tilbyr den perfekte tilflukta i hjartet av Nordfjord. Nilsstova ligg i frukthagen til Påldtun. Når du er gjest hos oss, kan du plukke og ete fersk frukt direkte frå trea når det er sesong for det.
Ver merksam på at det ikkje er bilveg heilt opp til Nilsstova, noko som gir ei ekstra dose av eventyr når du kjem. Den korte turen opp til hytta gir deg moglegheit til å nyte den friske lufta og den fantastiske naturen rundt. Hytta har alt du treng, inkludert handklær og sengetøy. Det er også internett og TV tilgjengeleg i hytta for underhaldning.

Nilsstova har eit hovudsoverom med dobbeltseng og ein koseleg hems med stige opp til soverom nr. 2. Vær merksam på at du ikkje kan stå oppreist på
Ver merksam på at det ikkje er bilveg heilt opp til Nilsstova, noko som gir ei ekstra dose av eventyr når du kjem. Den korte turen opp til hytta gir deg moglegheit til å nyte den friske lufta og den fantastiske naturen rundt. Hytta har alt du treng, inkludert handklær og sengetøy. Det er også internett og TV tilgjengeleg i hytta for underhaldning.

Nilsstova har eit hovudsoverom med dobbeltseng og ein koseleg hems med stige opp til soverom nr. 2. Vær merksam på at du ikkje kan stå oppreist på hemsen. Den vesle hytta er perfekt for familiar eller grupper som ønskjer å dele minner saman. Her kan du slappe av etter ein dag med aktivitetar og nyte den varme atmosfæren.

For dei som ønskjer å ta seg ein dukkert eller berre slappe av, har vi ein sauna med utsikt over fjorden som kan bookast. Ingen ting slår kjensla av å sitje i saunaen etter ein lang dag ute, med den vakre fjorden rett utanfor. Vi tilbyr òg båtutleige for eventyrlystne gjester. Utforsk dei skjulte perlene i fjorden, fiske eller berre nyt ein roleg dag på vatnet.

Som ein ekstra fordel har vi to SUP-brett som er gratis til utlån, perfekt for å utforske fjorden frå sjøen. Nilsstova ligg berre ca. 4 km frå Sandane sentrum, der du finn ladestasjon for elbil for enkel lading under opphaldet.

I Gloppen kommune finnes det mange flotte aktivitetsmoglegheiter og fjellturar. Vi anbefalar Trivselsskogen til barn og vaksne i alle aldrar. Skogen ligg rett ovenfor Sandane sentrum og er eit fint utgansgpunkt for å starte den første utflukta i Gloppen. Av fjellturar kan vi anbefale Ryssdalshornet, Eggenipa og Haugsvarden, som byr på imponerande utsikter og varierte turer. Haugsvarden er også perfekt for stisykling. Vidare er området ideelt for fiske og friluftsliv, med mange gode fiskeplassar og turstiar. Sjekk gjerne også ut Traudalen og Langedalen som ligg på sørsida av Gloppefjorden.

Gloppen kommune er kjent for sine lokalmatprodusentar, som tilbyr alt frå kjøtt og egg til ost, frukt og bær. Mange produsentar har små sjølvbetjente utsalg på gardane sine, der du kan kjøpe ferske, lokale varer. Vi anbefaler også eit besøk til BakarJon på Byrkjelo, der du finner meir enn 100 lokalmatprodusentar som leverer lokalmat til butikken.

Vi er stolte av å vere vertivisert i Green Key, som bekreftar vårt engasjement for berekraftig drift og ansvarsfull turisme. Oppdag Nilsstova hos Påldtun, der natur og komfort møtast for å skape ei uforgløymelig oppleving i Nordfjord

Info: