Lotsstøylen

Lotsstøylen

Gjer deg klar for eit lite stykke Nordfjordeventyr

Ta turen til seters og til vakre Lotsstøylen som ligg omlag 430 meter over havet. Her er fortsatt støylsdrift og både kyr og fjordhest på beite. Denne idylliske setra er som eit postkort frå ei svunnen tid og du får den fagraste utsikta over Nordfjorden og snødekte Nordfjordfjell. Den mjølka som ikkje blir distribuert til Tine, brukar Fjellestad Gardskjøken til å lage Gombe, ein slags søtost som blir brukt til lefser som fest- og høgtidsmat.

Køyr E39 mot Lote. Ta av mot Lotsberg. Etter ca 500
Ta turen til seters og til vakre Lotsstøylen som ligg omlag 430 meter over havet. Her er fortsatt støylsdrift og både kyr og fjordhest på beite. Denne idylliske setra er som eit postkort frå ei svunnen tid og du får den fagraste utsikta over Nordfjorden og snødekte Nordfjordfjell. Den mjølka som ikkje blir distribuert til Tine, brukar Fjellestad Gardskjøken til å lage Gombe, ein slags søtost som blir brukt til lefser som fest- og høgtidsmat.

Køyr E39 mot Lote. Ta av mot Lotsberg. Etter ca 500 m tek ein til venstre (mellom eit bolighus og ein garasje). Følg setrevegen heilt til støylen.

Har du lyst på ein gåtur, så kan vi anbefale å ta turen vidare til Sagetindane/Høgefjellet 1130 meter over havet. Her finn ein TV-master, difor denne anleggsvegen opp på fjellet. Grusvegen er jamn og fin, men bratt heilt til toppen. Utsikta frå fjellet er flott i alle himmelretningar. Her kan ein sjå Hornindalsvatnet (Nord Europa sin djupaste innsjø 514 m.) Eidfjorden og Gloppefjorden som begge er fjordarmar til Nordfjorden.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst