Loen Active

Loen Active er ei aktivitetsbedrift som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum – heile året. Eksempel på aktivitetar i sommarhalvåret er Via Ferrata Loen, zipline, fjellturar med guide, sykli...

Loen Active er ei aktivitetsbedrift som gjev deg opplevingar med start frå Loen sentrum – heile året. Eksempel på aktivitetar i sommarhalvåret er Via Ferrata Loen, zipline, fjellturar med guide, sykling, kajakk og SUP. Tilboda på vinterstid er t.d. aking, trugeturar, skøytebane, vandring og kajakk.
Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar ein på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av løypa finn du Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg er der flust i ulike moglege ruter å ta, samt ei 36m lang wire bru. Via Ferrata Loen høver godt for aktive...
Flaggskipet er Via Ferrata Loen, ein klatresti (bygd i 2011) rett bak Hotel Alexandra. På «jernstien» opp fjellsida endar ein på fjellet Hoven (1011 moh), med spektakulær utsikt til Lodalen, Oldedalen, Loen, Skåla og fjellheimen mot Jostedalsbreen. Som ein del av løypa finn du Gjølmunnebrua, den lengste via ferrata brua i Europa. Brua er 120 m lang og 35 cm brei, 170 meter over bakken! I tillegg er der flust i ulike moglege ruter å ta, samt ei 36m lang wire bru. Via Ferrata Loen høver godt for aktive turistar, teambuilding, firmaturar, vennegjengar; kort og godt ein fenomenal tur for deg som ønskjer å oppleve noko nytt og spektakulært i den nydelege vestlandsnatur.


I Loen Active sin butikk i Loen sentrum finn du eit godt utval av La Sportiva motbakkesko, joggesko, via ferrata klatresko, fjellsko og klede. I tillegg finn du andre produkt frå merkevarer innan sport- og friluftsliv som t.d. Bridgedale, Casco, Skogstad, Eisbär, Zeal m.m.

Book no

Info: