Lodalen

Lodalen Nordfjord Norway
Lodalen Nordfjord Norge
Lodalen Nordfjord Norge
Lodalen Nordfjord Norge
Lodalen Nordfjord Norge
Lodalen Høst Nordfjord Norge

Lodalen

"Ei av dei sterkaste opplevingane på turen gjennom Nordfjord var nok vakre Lodalen. Denne spesielle perla av ein dal som er omkransa av høge kjende fjell som blant anna Skåla og Lodalskåpa. For kome hit må ein ta av ved Loen og køyre oppover dalen. Langs det irrgrøne Lovatnet kjem ein først til ei lita koselig seter. Ein føler seg liten i denne mektige naturen. Den gule kajakken min glir utpå vatnet og det einaste eg høyrer er mine eigne åretak. Eit sår i fjellet vitnar om at dalen også har ei dramatisk historie. Denne kan du få høyre om dersom du tek ein båttur på vatnet med MS Kjenndal II, denne går til enden av vatnet der det ventar kaffi og vafler på Kjenndalstova, før ein kan ta turen inn til enden av dalen der Kjenndalsbreen ligg. 

Det er ikkje berre i Hawaii liknande omgivelsar at verdas raskast veksande sport, SUP, aukar i popularitet. Det å gli ut på det irrgrøne Lovatnet med berre ei åre som maskin, var magisk. Eg manøvrerar brettet lett over  vatnet. Det gir meg umiddelbar mestringsfølelse, sjølv om eg er godt vant med å surfe i bølgjene ute på havet. Dette gav heilt klart meirsmak".

Fred Syversen

Lodalen er spektakulær, og dalen si dramatiske historie gjer dalen spesiell. Inst i dalen ligg Kjenndalsbreen, som er Jostedalsbreen sin lågaste brearm. Lenger nede ligg den sjarmerande setra Breng, som er blitt eit ynda fotomotiv. Lodalen ligg på vestsida av Jostedalsbreen, i Stryn. Brearmane Bødalsbreen og Kjenndalsbreen er tilgjengelege frå denne dalen.