Leig ein elektrisk bil i Lodalen

Sporlaus ferdsel i ein av dei vakraste dalane i Norge.

Bli med på ein ny, grøn og morosam måte å oppleve Lodalen på. Vi på Sande Camping leiger ut små elektriske bilar som passar for to personar. Du kan velje mellom fleire ulike turar for å utforske dalen. Vi garanterar at du finn ein tur som passar perfekt for deg. Bilen tek seg lett fram på Lodalen sine smale vegar. Bilen er også svært open som gjer at ein kjem endå tettare på naturen enn i ein vanleg personbil.

Vi anbefaler:

Sande camping – Bødal – Kjenndal – Kjenndalsbreen ( 32 km)

Fin...

Fin tur langs Lovatnet til innerst i dalen. Stopp ved infopunkt ved minnetavla i Bødal for info om dalen si dramatiske historie. Spektakulær veg i vill og vakker natur frå Bødal til Kjenndalsbreen. Ta ein stopp på Kjenndalstova for ein matbit. På denne turen er det mange fine fotostopp.

Sande camping – Bødal – Bødalseter i Jostedalsbreen nasjonalpark (26 km)
Køyr langs Lovatnet til Bødal og ta av i krysset til Bødalseter (600 moh) køyr vidare 5 km langs fine fossefall og høge fjell. Mange fine fotostopp. Frå parkeringsplassen og inn til setra er det ca 5 minutt å gå. Frå setrevollen ser ein 3 ulike brearmar. Vidare inn til Bødalsbreen er det ca 40 min spasertur ein veg.

Sesong: Vår, sommar og haust

Info: