CBIS 6271012
CBIS 6270999
CBIS 6271000
CBIS 6271001
CBIS 6271005
CBIS 6271006
CBIS 6271007
CBIS 6271008
CBIS 6271013
CBIS 6271014

Kattanakkjen

Orkesterplass: Kattanakken. Der ingen skulle tru at nokon kunne gå på tur. Så feil kan ein altså ta.

Høgreist bauta! Kvar einaste dag med godt vêr tilbyr den same framsyninga frå toppen av Kattanakken: Briksdalsbreen briskar seg, langt der nede, om-kransa av ville fjell, den mektige Jostedalsbreen og brusande fosse-fall. Inngangsbilletten er eigen-innsats - ei solid, men over-komeleg treningsøkt opp ei bratt fjellside, og luftig klyving for å kome heilt opp på eggen. Frå nokre vinklar ser turen umogleg ut. Men ein skal ikkje skue Kattanakken på håra.

Start frå parkeringsplassen i Briksdalen. Følg veg/sti mot Briksdalsbreen. Ta av til høgre rett før andre brua over elva. Følg stien innover skogen. Etterkvart dreier han sørover og går over nokre svaberg, før han svingar vestover og skrår oppover fjellsida heilt til ein kjem opp på ryggen på ca 700 moh. Vidare følgjer ein ryggen opp mot toppen. Kattanakken er ein spiss fjellrygg. Nokre stader vil turen opplevast som litt luftig.