Jølet

Jølet

Tenk å ligge svevande over bakken på ei seng av brusande vatn med stjerner i augo! Det er akkurat det du kan oppleve i Jølet, hytta som er spesialdesigna for å gje ein optimal følelse av nærleik t...

Tenk å ligge svevande over bakken på ei seng av brusande vatn med stjerner i augo!

Det er akkurat det du kan oppleve i Jølet, hytta som er spesialdesigna for å gje ein optimal følelse av nærleik til naturen. På kanten av eit jøl, skapt av elva sitt tusenårige strev for å nå fjorden, svevar hytta delvis i terrenget. Liggande heilt for seg sjølv utan nære naboar, men med utsikt over kulturlandskap og bygdelag, er dette ein perfekt stad både for avslapping og aktivitet.

Gjennom store vindauge slepp naturen inn i Jølet som i ein kinosal der ein vill og majestetisk vestlandsnatur er lerret. Med sine 44 kvm. lever ein tett på naturen i beste "nature compact living" stil der målet er å leve minimalistisk, men likevel komfortabelt. Dette er ei " hotellsuite" i naturen!

Hytta som er høveleg for to personar består av opphaldsrom med fullt utstyrt kjøkken, komfortabelt bad og soverom med king-size seng. Frå den komfortable Jensen kontinental-senga, får ein full
Gjennom store vindauge slepp naturen inn i Jølet som i ein kinosal der ein vill og majestetisk vestlandsnatur er lerret. Med sine 44 kvm. lever ein tett på naturen i beste "nature compact living" stil der målet er å leve minimalistisk, men likevel komfortabelt. Dette er ei " hotellsuite" i naturen!

Hytta som er høveleg for to personar består av opphaldsrom med fullt utstyrt kjøkken, komfortabelt bad og soverom med king-size seng. Frå den komfortable Jensen kontinental-senga, får ein full oversikt over den brusande elva gjennom store skyvedører, samt stjernehimmelen i det store takvindauga over senga. Frå badstova er det tilgang til kuldekulp ved terrassen utanfor. I tillegg innbyr uteplassen med peisbord til rolege kveldar med bålkos.
Eigen bil er nødvendig sidan det er lite med offentleg transport i området. Parkeringsområde med lading av el-bil 200 meter frå hytta. Derifrå kan ein spasere på ein romantisk sti ca 200 meter fram til hytta. Det er anbefalt å pakke lett bagasje sidan den må berast fram til hytta

Attributes

Sommer
Badstue
Dobbeltseng
Nærme naturen
Røykfritt
Hårføner
Fotturar
Vannkoker/Kaffimaskin
Balkong/terasse
Vår
Nærme fjellområde
Landleg
Utandørs parkering - Gratis
Innsjøområde
Nærme elv
Gratis Wi-Fi
Høst