Iglandsvik- Vetvika

Iglandsvik- Vetvika

Denne nydelege turen går i frå Iglandsvik til Vetvika!

Område: Fjordane
Type: Fottur
Gradering: Krevande
Lengde og varighet: 8,9 km, 10 timer - Turen går én vei, fra A-B
Sesong: Hele året
Parkering: ved Iglandsvik Marina

Denne turen har to startpunkt:
Turstart 1) ved skilt på Iglandsvik ytre. Du føl blå/raudmerka sti til utmarka og vidare langs fjellsida oppover til krysset der stiane går i kvar si retning. No føl du raudmerka sti i retning aust. Det stig oppover på open sti over berg og i lyng og einekledd terreng. Etter ei stund nærmar
Område: Fjordane
Type: Fottur
Gradering: Krevande
Lengde og varighet: 8,9 km, 10 timer - Turen går én vei, fra A-B
Sesong: Hele året
Parkering: ved Iglandsvik Marina

Denne turen har to startpunkt:
Turstart 1) ved skilt på Iglandsvik ytre. Du føl blå/raudmerka sti til utmarka og vidare langs fjellsida oppover til krysset der stiane går i kvar si retning. No føl du raudmerka sti i retning aust. Det stig oppover på open sti over berg og i lyng og einekledd terreng. Etter ei stund nærmar du deg Iglandselva og stien som kjem frå Iglandsvik indre.

Dette er turstart 2) som går frå Havly, via privat gardsveg til utmarksled mot fjellpartiet Omnen. Stien går bratt opp langs fjellsida mot Iglandselva. Denne passerer du og vil då kanskje ta turen mot utkikkspunktet «Iglandsbenken» før du går vidare forbi nokre grantre og mot stimøtet frå ytre.

No går du vidare på raudmerka sti i retning aust, tek av mot nord og går i stigning mot Torvangsheia. Du har eit utsyn som kan ta pusten frå deg når du ser vide omring på bygdene rundt Bremangerpollen og endå vidare. Stien er godt merka og du går mest i grasdekt terreng. Etter kvart passerer du sel og hytte før du går over i steindekt underlag forbi Steinfjellet 681 moh. Dette er høgste punktet på denne delen av Bremangerøya. No går du i lett terreng i retning nord over Kløverheia og Sletteheia til Karihaugen som du skal passere på høgre sida. På vegen vil du å gjennom to områder der det kan ligge snøfonner til langt på sommaren. Dei er greie å passere.

No er du komt nord i Vetvikdalen. Her vil du møte stien som kjem frå Svarstad og denne føl du fram til turmålet. Det går vestover før du går nedover i ein bratt grasdekt bakke, gjennom eit par urer ned til Vollen; ein av dei fråflytta gardsbruka i Vetvika.

Vi gjer merksam på at det er lite vatn å finne over det høgaste fjellpartiet. Siste sikre vasskjelde er Iglandselva før du kjem fram til Vetvikdalen.
Mange vel å avslutte turen på utsiktspunktet over Vetvika.
Ver og obs på at det er dårlege mobilforhold i Vetvika og på stien ned.






Info: