Hakallegarden
På Hakallegarden kan ein treffe kattungar, hestar, alpakka og mange andre trivelege skapningar.Om produktet
På besøksgarden kan ein sanse livet på landet, og året rundt kan store og små leggje helgasturen til den flotte Hakallestranda. Her kan ein bli betre kjent med dei firbeinte, ta ein matbit i den koselege kafèen, kjøpe spennade interiørprodukt og silkemjuke alpakkasokkar.
På varme sommardagar er turen kort mellom Hakallegarden og den innbydande langstrekte sandstranda på Sandviksanden. Her vert sommarkvelden fullkomen med solnedgangen i havgapet. Hakallegarden tek også imot bedrifter og grupper i alle aldrar utanom ordinær opningstid
PRISAR
Barn 0-1 år: Gratis
Barn/vaksen: kr 175,-
OPNINGSTIDER:
Det er ope i skuleferiane og nokre helger frå påske til haustferie. På opne dagar er opningstida alltid kl. 12–18. I sommarferien er det stengt måndag og tysdag.
Følg med på Hakallegarden sine nettsider og sosiale medium for meir informasjon og nærare detaljar om opningstider.

Eigenskapar
- Sommar
- Vår
- April
- Juni
- Juli
- August
- September
- Oktover
- Haust
Kontakt oss
- 47 971 92 066
- Til heimeside
- aina@hakalle.no
-
Hakallestranda
6084 Vanylven