Gamle Strynefjellsvegen

Vegen som slynger seg over fjellet

Gamle Strynefjellsvegen
Gamle Strynefjellsvegen

Gamle Strynefjellsvegen

Den over 125 år gamle vegen mellom aust og vest er ei oppleving i seg sjølv. Gamle handlaga murar av nøye tilhogge stein og lange rekkjer av stabbesteinar kjenneteiknar strekninga over fjellet. Gamle Strynefjellsvegen ligg også på lista av dei nasjonale turistvegane i Norge.
Vegen går mellom Grotli og Videseter og er 27 km lang.

 

Ver merksam: Nasjonal Turistveg "Gamle Strynefjellsvegen" vil vere stengt for tunge køyrety

Frå og med 10. juni 2019 vil køyrety som er meir enn 8 meter lange og har ei akselbelastning på meir enn 8 tonn, ikkje få køyre på Gamle Strynefjellsvegen (FV258). Forbodet startar ved bommen, vest for Grotli og hyttefelta til Sogn og Fjordane fylkesgrense. Det har vore utfordrande å oppretthalde vegstandarden på den 27 km lange vegen, sidan køyretya aukar i storleik og lasta overstig kapasiteten til denne historiske vegen.  

Vegstrekninga blei freda i 2009. Føremålet med fredinga er å ta vare på ein godt bevart veg frå 1880 som er ein viktig del av norsk samferdslehistorie. Fredninga innebere restriksjoner på både dekke og utviding av vegen. Vegen er smal, svingete og har få møteplassar. Alt dette er med å bidra til at ein no stengjer vegen for tunge køyrety på Norge sin eldste turistveg. 

Les meir: https://www.nasjonaleturistveger.no/no/presse/nyheter/gamle-strynefjellsvegen-stenges-for-tyngre-kjoretoy