CBIS 6246925

Fransøyra hytteutleige

Hytter ved strandkanten

Stille og roleg plass i strandkanten ca 400 meter vest for Utvik, 44 km frå Stryn sentrum.

Hyttene ligg 3-5 m frå strandkanten av den vakre Nordfjorden. Her kan du fiske i fjorden. Her er og eit unikt turterreng i skog og fjell.

I Utvik sentrum er det kolonialbutikk, kafé, kunstutstilling og kunsthandverk. Her finn du og Utvik kyrkje. Den er open på dagen om sommaren.

Om vinteren kan Utvikfjellet by på eit flott skiterreng. Her kan du ta turer langt inn i fjellet heilt til Jostedalsbreen. Eller du kan velge alpinbakken og skitrekket.

Utvik ligg midt i Nordfjord. Herfrå kan du ta turer til Briksdalen – Lodalen – Strynefjellet og Geiranger. Du kan også ta turen til Selje og Vestkapp.

I Jølster, på Sandane og i Hornindal er det museum av ulike slag. Det er og mogleg å rafte i elva Jølstra.

På Fjordhestgarden på Breim kan du ta rideturar på den staslege fjordhesten. Korte eller lange turar for barn og vaksne.

Hyttene inneheld 2 soverom med doble senger. Hems med 3 madrasser, dusj, WC og vaskemaskin for kle. I kjøkkenkroken er det komfyr, oppvaskmaskin, kjøleskap med fryseskap og kaffitrakter.

Stova har peisomn og TV. Du kan gå direkte frå stova og ut på ein veranda med hagemøblar og grill.