CBIS 6257058

Fiske i Strynevatnet

I Strynevatnet er det mykje røye og innlandsørret. Ut på sommaren kjem det også frå fjorden sjøørret og laks. I tillegg kan ein få ål. Du kan fiske med fiskestang med sluk, spinnar, fluge og mark. Det er også lovleg med oter. Med personleg løyve frå grunneigar kan ein også fiske med finmaska garn.

Fiskekort

Det er påbudt med fiskekort for å fiske i vatnet og sideelvane. Fiskekort får ein kjøpe på Holmevik Camping, Strynsvatn Camping, Mindresunde Camping og Lidasanden i Veslebygda. Ein kan kjøpe døgnkort, vekeskort og sesongkort. Gratis fiske for barn og ungdom til og med 16 år.

Det er sett opp informasjonstavler og namneskilt fleire stadar langs vestenden av vatnet.