Fiske i Stryneelva
Fiske i Stryneelva byr på gode moglegheiter for å få storvaksen laks og sjøaure. Her finn du informasjon om fiskesoner, fiskekort og fiskereglar.Om produktet
Stryneelva er kjend for det gode fisket, og stryningane er like kjende for gjestfridomen sin. Allereie i 1860 kom dei første engelske laksefiskarane på besøk, og mot slutten av 1800-talet kom dei første turisthotella og cruiseskipa til Stryn og Nordfjord.
Stryneelva har utspring frå den mektige Jostedalsbreen via Oppstrynsvatnet. Brevatnet gir elva den karakteristiske turkise fargen som er så vakker å sjå på, men som også gjer fisket i elva spennande. Stryneelva byr på storvaksen laks og sjøaure, og fisken kan vere på hugget både i dagslys, skumring og mørke.
Stryneelva er delt inn i fleire ulike fiskesoner. Her finn du ei oversikt over sonene og kvar du kan kjøpe fiskekort:
● Lunde / Stryneelva Hyttegrend
● Kirkeeide / Intersport Stryn
● Sætre og Yttreeide / Ytreeide sport (Sport 1)
● Bø og Årheim / Ytreeide sport (Sport 1)
● Vik, Tonning og Visnes / Visnes Hotell
Det er påbode med fiskekort for å fiske i Stryneelva, og det er fleire reglar som gjeld for fisket. Du finn oppdaterte fiskereglar og meir informasjon om fiske i Stryneelva på Elveguiden – www.elveguiden.no.

Eigenskapar
- Sommar
- Juni
- Juli
- August
Kontakt oss
- Til heimeside
-
Stryneelva
6783 Stryn