Dragseidet

Dragseidet

Dragseidet er det lågaste fjellpasset over Stadhalvøya. For å sleppe å segle det verharde Stadhavet, har sjøfarande frå forhistorisk tid slepe båtane over stokkar - derav navnet Dragseidet.

Den gamle ferdselsvegen Dragseidet på Selje var sentrale i sambandet langs kysten, og har vore nytta for å sleppa å segle det lunefulle Stadhavet. Dragseidet er truleg ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet.

Saman med den gamle ferdslevegen over Filefjell, var denne vegen over Dragseidet dei første offentlege vegane i fylket. Dei vart kalla "tjodvegar" fordi ein ryttar skulle kunne halde eit spyd (tjod) med to vidjeringar ute på kvar ende på tvers over salen når han reid. Då
Den gamle ferdselsvegen Dragseidet på Selje var sentrale i sambandet langs kysten, og har vore nytta for å sleppa å segle det lunefulle Stadhavet. Dragseidet er truleg ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet.

Saman med den gamle ferdslevegen over Filefjell, var denne vegen over Dragseidet dei første offentlege vegane i fylket. Dei vart kalla "tjodvegar" fordi ein ryttar skulle kunne halde eit spyd (tjod) med to vidjeringar ute på kvar ende på tvers over salen når han reid. Då skulle vegen vere rydda så brei at vidjeringane ikkje vart ruska av.

Tvangskristna av kongen
Olav Tryggvason samla i 977 bøndene frå Sygna, Firda, Sunnmøre og Raumsdal fylke til ting på Dragseidet. Med ein stor hær i ryggen, baud kongen dei frammøtte å bli kristna, eller å halde slag med han. Bøndene såg at overmakta var for stor, og let seg tvangskristne. På Kongshaugen midt i skaret vart det i 1913 sett opp ein stor steinkross til minne om hendinga i 997.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst