Dagsturhytta | Nordfjordeid

Dagsturhytta | Nordfjordeid

Naustdalskamben ligg om lag midt i mellom Stårheim og Nordfjordeid og har utsikt både inn til Nordfjordeid sentrum og utover Nordfjorden.

Tilkomst og parkering
Parkering ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule eller ved Stårheim stadion, avhengig av kva rute du vel til hytta.

Stien til hytta
Der er fleire ulike stiar som fører til Naustdalskamben, og vi vil her beskrive tre ulike startpunkt:

Frå Reset i Hjelmelandsdalen: sjå kart over ruta på UT.no. Dette er den slakaste og mest familievennlege ruta. I innkøyringa til næringsområdet på Reset frå fv. 661 har Eid kommune avtale om parkering for turgåarar, følg
Tilkomst og parkering
Parkering ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule eller ved Stårheim stadion, avhengig av kva rute du vel til hytta.

Stien til hytta
Der er fleire ulike stiar som fører til Naustdalskamben, og vi vil her beskrive tre ulike startpunkt:

Frå Reset i Hjelmelandsdalen: sjå kart over ruta på UT.no. Dette er den slakaste og mest familievennlege ruta. I innkøyringa til næringsområdet på Reset frå fv. 661 har Eid kommune avtale om parkering for turgåarar, følg skilting. Følg grusvegen innover i næringsområdet, og der vegen sluttar, startar stien. Merking med raude stikker på velbrukt sti første 500 m, så på traktorveg fram til du møter stien frå Grøthaug / Haugen etter 1,5 km. Frå denne opne plassen i skogen er det god sti heile vegen vidare opp til toppen. Stien er velbrukt og lett å finne. På toppen flatar det ut og vert litt myrlendt siste stykket fram til hytta. Turen er 3,2 km i alt.

Frå Haugen skule: sjå kart over ruta på UT.no. Parkering ved Haugen skule. Turen er 2 km på asfalt og 2 km på sti.

Frå Torvik på Stårheim: her er det ein nyrydda og merka sti. Parkering ved Stårheim stadion. Startpunkt på ei bru over elva ved kraftverket. Merking med blå stikker heile vegen til topps.

Avstandar
Mellom 45 min og 1,5 time avhengig av utgangspunkt og tempo. Hytta ligg på 475 moh.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst