Byrkjelo Camping

Familievenleg campingplass nær Byrkjelo sentrum. Hytteutleige og romslege oppstillingsplassar for bubil og campingvogner. Panoramautsikt mot Eggenibba.

Byrkjelo camping har hytter i fleire storleikar og prisklasser. Campingplassen tilbyr romslege oppstillingsplassar med straumuttak for vogner og bubilar, med fast underlag. Separat plenareal for telt utan straumtilkopling nede ved elva.

Fellesbygget inneheld sanitærrom, kjøkken, vaskeri og opphaldsrom. Kiosk i høgsesong. Kort gangavstand til nærbutikk, kafè og supermarked.

Dette er eit flott ferieanlegg for barnefamiliar, med stort uteområde, leikeplass, grillhytte og bålplass. Også velegna...
Byrkjelo camping har hytter i fleire storleikar og prisklasser. Campingplassen tilbyr romslege oppstillingsplassar med straumuttak for vogner og bubilar, med fast underlag. Separat plenareal for telt utan straumtilkopling nede ved elva.

Fellesbygget inneheld sanitærrom, kjøkken, vaskeri og opphaldsrom. Kiosk i høgsesong. Kort gangavstand til nærbutikk, kafè og supermarked.

Dette er eit flott ferieanlegg for barnefamiliar, med stort uteområde, leikeplass, grillhytte og bålplass. Også velegna for vaksne, som ynskjer å utforske den storslagne Nordfjordnaturen, eller berre slappe av i solveggen.

Campingplassen har eige badeanlegg med stor solterrasse, oppvarma symjebasseng og plaskebasseng for dei minste. Dette er ope dagleg i skuleferien. Det er inngongsbillett til anlegget, halv pris for eigne gjester.

Byrkjelo og omegn har mange flotte merka fotturar. Alt frå lette turar på grusveg i slakt terreng, til toppturar. Informasjon om desse får du i resepsjonen, eller du kan besøke turistinformasjonen i nærbutikken.

Vår kommune, Gloppen, har mange flotte og interessante attraksjonar. Nordfjord folkemuseum, Holvikjekta og fleire andre kulturhistoriske objekt. Ein spasertur i Fjordlandsbyen Sandane eller den tilhøyrande Trivselsskogen med Fosseteateret bør også være på programmet.

Det er godt ørretfiske i området, informasjon får du i resepsjonen, der du også kan kjøpe fiskekort.

Info:

Attributes

Utendørs symjebasseng
Dobbeltseng
Enkeltseng
Barnevenleg
Nærme naturen
Fotturar
Vannkoker/Kaffimaskin
Parkering/Garasje
Nærme fjellområde
Landleg
Fjellutsikt