CBIS 6229430
CBIS 6229431
CBIS 6229436
CBIS 6229437
CBIS 6229439
CBIS 6229440
CBIS 6229462
CBIS 6229463
CBIS 6229464

Briksdalsbre Fjellstove

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. Frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg 300.000 gjester frå heile verda.

Briksdalsbre Fjellstove ligg inst i Oldedalen, med fin utsikt mot fjell og bre – og med gangavstand til Briksdalsbreen. I Fjellstova finn du restaurant, kafè og souvenirbutikk, og her er fire rom, ei leiligheit og ei hytte for utleige.
Eit flott utgangspunkt for besøk til Briksdalsbreen og fjellturar til Oldeskaret og Kattanakken.

Sjå filmar frå Briksdal her:
https://www.youtube.com/watch?v=BsriclQ7unc
https://www.youtube.com/watch?v=b59ckQ7Bitg
https://www.youtube.com/watch?v=9vZb_nuDRyQ


I tunet ved fjellstova kan du også stige på for Trollbilsafari til breen.
Mett på mektige inntrykk og med frisk luft i lungene er det fint å ta natta i Briksdal. Her søv du godt. Ved overnatting 2 netter gir 10% rabatt på oppholdet.