Breng

Breng

Like ved Lovatnet ligg Breng seter idyllisk til. I gammal tid var dette eigen gard, men vart seinare seter for garden Sæten. Breng er med god grunn eit ynda fotomotiv.

Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalle. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

Garden Breng har vert omtalt i ei rekke kjelde, den eldste heilt tilbake til 1340. Mange av desse kjeldene beskriv alle dei gongane Breng har blitt teke av fonna eller i vassdemme frå Brengselva.

På 1970-åra hadde sela og fjøsane starta å forfalle, og det vart satt i gang arbeid med å redde bygningane.
Her var det tradisjonell stølsdrift fram til kring 1950. I 1970-åra var dette miljøet i ferd med å forfalle. Takka vere stor innsats frå eigarane og offentleg støtte vart Breng seter berga.

Garden Breng har vert omtalt i ei rekke kjelde, den eldste heilt tilbake til 1340. Mange av desse kjeldene beskriv alle dei gongane Breng har blitt teke av fonna eller i vassdemme frå Brengselva.

På 1970-åra hadde sela og fjøsane starta å forfalle, og det vart satt i gang arbeid med å redde bygningane. Det var bøndene som eige sela og fjøsane som sto for store delar av dette arbeidet.

I dag vert Breng framleis nytta som seter, men er også blitt ein populær badeplass for turistar og lokale.

Breng tiltrekke seg kvart år turistar som vil ta bilde av det godt vedlikehaldne kulturlandskapet og dei flotte bygningane, samt å campe i området. På grunn av dette har det komt nokre retningslinjer på plass for å bevare kulturlandskapet som nasjonalt ikon.

Desse retningslinjene dreiar seg om å hindre ulemper for grunneigar, samt fremje eit friluftsliv til glede for alle. For å få dette er det satt ned nokre retningslinjer for bruk av området, desse retningslinjene dreiar seg om søppelhåndtering, bruk av toalett, parkering og eit forbud mot camping i området. Der er også eit forbud mot bruk av åpen ild utanfor tilvist område, dette for å unngå skade på dei gamle bygga på Breng.

Beskriving av kart (bilde 2):
Området merka A omfattar totalarealet som reglane gjeld for, inkludert også område B, C og D.
Område B er eit ålment tilgjengeleg badeområde og område C ei tilrettelagt korttidsparkering for
buss og bil. Område D vil verte/er tilrettelagt som korttids parkeringsplass.

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst