Bremanger Fjordhotell
Med flott hotellhage ligg Bremanger Fjordhotell idyllisk til ved fjorden i Svelgen i Bremanger kommune. I nærleiken finn du attraksjonar som Hornelen og det unike devonske fjellområdet mot Ålfotbreen.Om produktet
Frå Bremanger Fjordhotell kan du oppleve hav, fjord og bre på same dag – frå Vetvika og Grotlesanden på Bremangerlandet i vest til det devonske fjellandskapet og Ålfotbreen i aust. Hotellet er også det næraste hotellet til Hornelen, Nord-Europas høgaste sjøklippe, berre 25 minutt med bil unna.
Etter ein dag med opplevingar kan du nyte god mat og drikke i den flotte hotellhagen med både sjørøverskute og koi-karpedam. Hotellet har også moderne treningssenter med sauna, stor restaurant og kafé med leikerom for barna. Her finn du 40 rom i ulike storleikar – frå standard dobbeltrom til større familierom med ekstra soverom. Det er også mogleg å leige båt, kano og syklar, og hotellet har eiga gjestehamn for dei som kjem sjøvegen.
Velkomen til Bremanger Fjordhotell!

Eigenskapar
- Sommar
- Handikapvenleg
- Badstue
- Restaurant
- TV
- Dobbeltseng
- Enkeltseng
- Havutsikt
- Barnevenleg
- Parkering for buss
- Handicap-parkering
- Nærme naturen
- Røykfritt
- Gym
- Fotturar
- Vinter
- 24-timers innsjekk
- Skispor
- Vår
- Nærme fjellområde
- Naturreservat
- Utandørs parkering - Gratis
- Sentrum
- Landsbyområde
- Nærme elv
- Ved fjorden
- Sprinkelseng tilgjengeleg
- Fjellutsikt
- Gratis Wi-Fi
- Langrennsløyper
- Haust