Bre og Fjell

Bre og Fjell

Bre og Fjell har spesialisert seg på kurs og føring innan fjellsport i Noreg og Alpane. Breogfjell AS består av aktive fjellførarar, dei fleste profesjonelle IFMGA-tindevegledarar, busette i Sogn, Jøl...

© Bre og fjell
Bre og Fjell har spesialisert seg på kurs og føring innan fjellsport i Noreg og Alpane. Breogfjell AS består av aktive fjellførarar, dei fleste profesjonelle IFMGA-tindevegledarar, busette i Sogn, Jølster, Stryn, Bergen, Trondheim og Hemsedal.

Breogfjell vart starta i Bergen i 2002, og dei første åra var hovudaktivitetane knytte til breføring på Flatbreen i Fjærland. Sidan har tilbodet av turar og kurs auka betydeleg, og i dag har Breogfjell aktivitetar over store delar av Noreg og i Alpane – frå skredkurs i Hemsedal til fjellføring på Matterhorn.
Bli med guidane frå Breogfjell og finn dei beste opplevingane! Medan ytre Nordfjord byr på sommar og surfing, finn du dei mest spektakulære fjella for skikøyring lenger inne i fjorden. Med utgangspunkt frå Stryn kan du gå toppturar med nedkøyringar på over 1 500 høgdemeter, kombinert med utsikt i verdsklasse.

Om sommaren kan du gå fjellturar med fjordutsikt og innslag av luftig klyving og brekryssing som krev sikring med tau. Med Breogfjell kan du oppleve ekte fjellklatring med lokale og
Bli med guidane frå Breogfjell og finn dei beste opplevingane! Medan ytre Nordfjord byr på sommar og surfing, finn du dei mest spektakulære fjella for skikøyring lenger inne i fjorden. Med utgangspunkt frå Stryn kan du gå toppturar med nedkøyringar på over 1 500 høgdemeter, kombinert med utsikt i verdsklasse.

Om sommaren kan du gå fjellturar med fjordutsikt og innslag av luftig klyving og brekryssing som krev sikring med tau. Med Breogfjell kan du oppleve ekte fjellklatring med lokale og kvalifiserte guidar.

Breogfjell Mountain Guides er ein av aktørane i Noreg som stiller dei strengaste krava til sertifisering, erfaring og lokalkunnskap. På ski- og fjellklatreturar nyttar Breogfjell berre internasjonalt kvalifiserte tindevegledarar (UIAGM/IFMGA), samt tindevegledarar under kvalifisering (aspirantar) som kan vise til solid erfaring over fleire år innan krevjande ski-, klatre- og breturar.

Breogfjell er godkjend kursarrangør på høgaste nivå i Norsk Fjellsportforum. Verksemda har spesialisert seg på kurs og føring innan fjellsport i Noreg og Alpane, og består av aktive fjellførarar, dei fleste profesjonelle IFMGA-tindevegledarar, busette i Sogn, Jølster, Stryn, Bergen, Trondheim og Hemsedal.

Blant fleire kjende fjell for skikøyrarar kan ein nemne Kyrkjenibba (1 400 moh), Skåla (1 848 moh), Midtstolshyrna (1 771 moh) og ikkje minst Rinddalshyrna (1 677 moh). På Strynefjellet ligg landets mest tradisjonsrike sommarskisenter, og like ved Stryn sentrum ligg eit lite vinterskisenter med frikøyringsmoglegheiter dei fleste berre kan drøyme om.

Snøforholda i området er stort sett svært gode, og for dei lokalkjende finst det alltid moglegheiter for å finne den ekte, urørte snøen. I Stryn snør det mest når vêret kjem frå nordvest, og når vêrmaktene først set i gang, er det ikkje uvanleg at det kjem ein meter snø i løpet av eitt døgn.

Aktivitetar

Sommar:
Guida turar, kurs, klatring, brevandring, fotturar, klatrekurs.

Vinter:
Guida turar, kurs, alpine skiturar, toppturar, skredkurs, frikøyring, telemark, isklatring, alpin klatring, breskiturar.
Book no

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Eco-Lighthouse
Høst