Bakst Hjelledalen | Nygård Camping
Bakst er eit sjarmerande handverksbakeri ved Nygård Camping i Hjelledalen. Her kan du nyte ferske brød, søtbakst og spennande steinomnsbakte pizzaer i vakre omgjevnader mellom fjord og fjell.Om produktet
Velkomen til Bakst! Eit lite og koseleg handverksbakeri i hjartet av Hjelledalen. Her står tradisjonelt handverk og ekte bakeglede i sentrum. Alt blir bakt i steinomn, noko som gir brøda, baksten og pizzaene en spesielt god smak. Bakeriet held opent 1. juni - 31. august.
Kvar morgon i sesongen fyllest bakeriet med nysteikte brød og fersk bakst. Frå klokka 09.00 kan du kjøpe ferske brød, bollar og andre freistande bakevarer, perfekt som frukost, niste til dagens eventyr eller ein velfortent kaffipause.
Når kvelden kjem, tilbyr vi steinomnsbakte pizzaer og saftige burgerar. På menyen finn du både kjende favorittar og nokre variantar med vår eigen vri, servert med lokale råvarer og smakar som passar godt saman.
Bakst er eit naturleg stopp for både lokalbefolkning og tilreisande som ønskjer gode matopplevingar i ei avslappa og hyggeleg atmosfære. Bakeriet ligg i vakre Hjelledalen, omgitt av mektige fjell, fossar og storslått natur. Området er eit populært utgangspunkt for opplevingar i Nordfjord, og eit perfekt stopp på vegen mellom Stryn og Geiranger.
Enten du kjem for ferskt brød til frukost, ein bollepause etter turen eller ei god pizzaoppleving på kvelden, ønskjer vi deg velkomen til Bakst.

Eigenskapar
- Sommar
- Restaurant
- Nærme naturen
- Fotturar
- Balkong/terasse
- Nærme fjellområde
- Landleg
- Fjellområde
- Nærme elv
- Fjellutsikt
Kontakt oss
- +47 483 98 646
- Til heimeside
- post@nygardcamping.no
-
Bolstadvegen 10
6798 Hjelledalen