Anna Singer’s Afternoon Tea | Singerheimen
Opplev Afternoon Tea på historiske Singerheimen i Olden i sommarsesongen – med heimelaga godsaker, vakkert 1920-talsporselen og servering på Anna Singers glasveranda.Om produktet
Nyt Afternoon Tea på historiske Singerheimen i Olden, med heimelaga godsaker, vakkert 1920-talsporselen og stemningsfull servering på Anna Singers glasveranda.
Her blir du servert to påsmurte rundstykke, nybakt scone med heimelaga syltetøy og rømme, og to søte konfektkaker – alt laga frå botnen av. Til maten får du uavgrensa kaffi eller kvalitetsté.
For den komplette opplevinga anbefaler Singerheimen ei omvising før maten. Bli med gjennom dei historiske romma og få eit innblikk i historia om kunstnarane Anna og W.H. Singer og livet på Singerheimen. Omvisinga startar éin time før bordsetjing og varer i om lag 50 minutt.
Praktisk informasjon
Bordsetjing: Kl. 12.30 og 15.00
Varigheit: Bordet er reservert i to timar
Pris: 435 kr per person
Omvising før maten: 180 kr per person ved kjøp av Afternoon Tea
Det er mogleg å få glutenfri meny og å leggje til rette for vegetarianarar. Born kan bestille halv meny til halv pris.
Omvising før maten
Vil du få endå meir ut av besøket? Bestill omvising før maten og bli med på ei reise gjennom Singerheimen og historia som høyrer huset til. Omvisinga startar éin time før bordsetjing og varer i om lag 50 minutt.
Overnatt på Singerheimen
Gjer besøket til ei lengre oppleving og overnatt på Singerheimen. Du kan bu i dei autentiske romma til W.H. Singer Jr., Anna Singer eller Dronning Wilhelmina. Frukost og omvising er inkludert for overnattingsgjestar.
For opnongstider, booking og meir informasjon, ta direkte kontakt eller besøk nettsida til Singerheimen.

Eigenskapar
- Summer
- July
- August