Eit viktig steg i det langsiktige arbeidet for ei meir berekraftig reiselivsutvikling
I 2025 fekk Nordfjord Merket for berekraftig reisemål, ei nasjonal merkeordning eigd av Innovasjon Norge. Merket er eit kvalitetsstempel for reisemål som arbeider systematisk og langsiktig med berekraftig utvikling. Å få merket betyr ikkje at Nordfjord er «ferdig berekraftig». Det betyr at reisemålet har dokumentert eit målretta arbeid og forplikta seg til kontinuerleg utvikling og forbetring.
Arbeidet omfattar mellom anna å redusere negative klima- og miljøpåverknader, ta vare på naturmangfald og kulturarv, styrke lokal verdiskaping og sikre at utviklinga av reiselivet skjer i god balanse med behova til lokalsamfunna. Sidan Nordfjord er ein stor cruisedestinasjon, inngår også eigne kriterium for cruiseturisme i arbeidet, i tillegg til dei andre kriteriene og indikatorene i merkeordninga.
Eit arbeid vi gjer saman
Merkeordninga er eit verktøy for å planlegge, gjennomføre og måle utviklinga av reiselivet over tid. Visit Nordfjord samarbeider med kommunane, havneselskapa, reiselivsbedriftene og andre aktørar i regionen om dette arbeidet. Reiselivet skaper arbeidsplassar, aktivitet og lokal verdiskaping i Nordfjord. Samstundes kan reiseverksemd føre til klimagassutslepp og press på natur, kulturmiljø og lokalsamfunn. Difor handlar berekraftig reisemålsutvikling om å finne ein god balanse mellom besøk, verdiskaping og omsynet til stadane vi bur på og naturen rundt oss.
God besøksforvaltning er ein viktig del av dette arbeidet. Målet er ikkje berre fleire gjester, men å skape størst mogleg positiv verdi for lokalsamfunna, samtidig som gjestene får gode opplevingar.
Merket er ikkje målstreken
Arbeidet stoppar ikkje når merket er på plass. Reisemål i merkeordninga skal kunne vise til vidare utvikling og forbetring når dei skal remerkast kvart tredje år. For Nordfjord betyr det at arbeidet med mellom anna klima og miljø, besøksforvaltning, lokal verdiskaping, samarbeid med næringa og innbyggjarane held fram.
Berekraftig reisemålsutvikling er eit langsiktig arbeid. Nye utfordringar, teknologi, reisemønster og behov i lokalsamfunna vil endre seg over tid. Difor må også måten vi utviklar Nordfjord som reisemål på vere i kontinuerleg utvikling. Visit Nordfjord samarbeider tett med kommunane, havneselskapa, lokalsamfunnet og medlemsbedriftene for å sikre ein langsiktig forpliktning til berekraftig utvikling, med mål om sertifisering tidleg i 2025.
Målet er at Nordfjord skal vere ein god stad å bu, besøke og drive næring – også i framtida.
Arbeidet for auka berekraft i reiselivet er ein kontinuerleg prosess der nye utfordringar, dilemma og strategiske val vil dukke opp. Teknologi, reiselivet, lokalsamfunn og gjester er i stadig endring. Reiselivet sin verdikjede består av mange aktørar som har eit klart ansvar for sin eigen verksemd, men det er også behov for eit samla grep om reisemålet sin utvikling, spesielt på område som ligg mellom dei enkelte aktørane sitt ansvar. Ei felles utvikling vil både redusere reiselivet si negative påverknad på miljø og lokalsamfunn, og auke reisemålet sin attraktivitet som besøkstad.
Dette er noko vi skal oppnå saman, og det er avgjerande for vår suksess og konkurranseevne. Arbeid med berekraft i reiselivet er langsiktig og kontinuerleg, og målet er å skape reelle forbetringar over tid.
Les meir om arbeidet med berekraftig reiseliv i Nordfjord og korleis du kan opptre omsynsfullt når du besøkjer Nordfjord.
Årlige handlingsplaner:
Handlingsplan 2025
Årlige orienteringer
Bærekraftsorientering 2025 Nordfjord kommunene
Årlig Kick Off for medlemsbedriftene
Ta kontakt med Benedicte Willand Elsrud i Visit Nordfjord om du har spørsmål eller innspill til arbeidet med berekraftig reisemåls- og reiselivsutvikling.