Vetvika
©Jostein Vedvik

Om Visit Nordfjord

Visit Nordfjord AS er det offisielle destinasjonsselskapet for Nordfjord-regionen. Vi arbeider for å utvikle, synleggjere og marknadsføre Nordfjord som reisemål – til fordel for lokalt næringsliv, kommunar, oss som bur her og gjester.

Gjennom strategisk samarbeid mellom bedrifter, kommunar og fylkeskommune bidreg vi til at Nordfjord blir eit endå meir kjend reisemål, nasjonalt og internasjonalt. Bremanger, Gloppen, Stad og Stryn kommunar er med i samarbeidet. Vi har også medlemer i Kinn, Vanylven og Volda kommunar.

Våre hovudoppgåver er marknadsføring, b2b-aktivitetar vertskap og medlemsoppfølging. Visit Nordfjord har merket for berekraftig reiseliv. Vi arbeider målretta for å utvikle reiselivet i balanse med natur, lokalsamfunn og kulturarv.

 

Slik arbeider vi:

Visit Nordfjord skal reindyrke oppgåver knytt til synlegheit, marknadsføring og salsfremjande arbeid

  • Destinasjonsmarknadsføring og synlegheit (alle sesongar)
  • Salgsfremjande arbeid med turoperatørar
  • Presse- og visningsturar som bidreg til auka synlegheit for regionen
  • Medlemsdialog og medlemsoppfølging
  • Prosjekt med oppslutnad og god forankring i reiselivsnæringa
  • Kunnskapsformidlar for reiselivsnæringa (innanfor område der selskapet har spisskompetanse)
  • Deltaking i destinasjonsleiinga 

Visjonen vår 

Nordfjord – eit kompakt og komplett stykke Norge. Frå fjord til fjell, brear til surfestrender, og alt imellom. Nordfjord er ein region der natur, kultur og opplevingar ligg i korte avstandar frå kvarandre.

Målet vårt 

Nordfjord skal bli det beste og mest attraktive reisemålet i Norge for aktivitets- og opplevingsturisme

 

Team Visit Nordfjord

 

 

DAGLEG LEIAR
Lars Endre Gimmestad

Mail: lars.endre@nordfjord.no

 

Dag Ulvedal

INNHALDSPRODUSENT
Dag Ulvedal

Mail: dag@nordfjord.no

 

Per Magnus Sandsmark

MARKNADSLEIAR
Per Magnus Sandsmark

Mail: per.magnus@nordfjord.no

 

Anita Sæten

WEB OG INFORMASJONSKOORDINATOR
Anita Sæten

Mail: anita@nordfjord.no

 

Benedicte

DAGLEG LEIAR ( I PERMISJON)
Benedicte Willand Elsrud

Mail: benedicte@nordfjord.no

 

beate

LEIAR KOMMUNIKASJON
Beate Vik Hauge

Mail: beate@nordfjord.no

 

heidi

SALS- OG VERTSKAPSANSVARLEG
Heidi Lyslo Bø

Mail: heidi@nordfjord.no