Kultur og historie
Sagastad – vikingskipet som reiste seg frå oska
Midt i sentrum ligg ei av dei mest spektakulære vikinggravene i Noreg. Her vart ein vikingkonge gravlagt saman med skipet sitt, Myklebustskipet – det største vikingskipet ein har funne spor etter i landet. I dag kan du oppleve skipet i full storleik i vikingsenteret Sagastad, berre nokre meter frå fjorden der skipet ein gong segla. Her kan du gå om bord i skipet og få ei kjensle av korleis livet kunne vere i vikingtida.
Rett ved ligg Sagaparken som er eit flott område ved fjorden med bystrand, grillplass og den populære Nordfjord-skulpturen.
Malakoff – frå militær øvingsplass til rockefestival
Nordfjordeid har også ei spennande historie knytt til Malakoff, der Noregs første militære øvingsplass vart etablert i 1649. I dag er området arena for Malakoff Rockfestival, ein av dei største festivalane i Noreg. Resten av året byr Operahuset Nordfjord på konsertar, teater og opera i verdsklasse.
Aktivitetar for heile familien
Nordfjordeid byr på mange aktivitetar for både store og små. I sentrum kan du rusle gjennom den historiske Eidsgata – ei idyllisk handlegate med trehusmiljø som er lista i Riksantikvaren sitt NB-register. Her finn du små nisjebutikker, kaféar og bakeri. Populære stoppestader er mellom anna Minibakeriet, kjent for bakervarer og lokale godsaker, og China Restaurant Chen i sentrum.
Langs fjorden kan du rusle på strandpromenaden eller ta ein pause ved Eidselva, ei kjend lakseelv med lange tradisjonar for sportsfiske. Jektehola ved elva er ein populær stad for piknik.
På Hamna trenings- og aktivitetssenter finn du aktivitetar for heile familien. Her kan barna leike og klatre i Viking Warrior, som er Noregs einaste vikingkrigar-klatrerom. For dei litt eldre kan ein prøve buldring i buldrehallen.
Foto: Eidsgata @ Terje Bakke