Kajakk på Nordfjorden | Briksdal Adventure - #1 i Nordfjord

Ein kajakktur på Nordfjorden er ein gylden moglegheit til å oppleve den mektige naturen i Nordfjord på nært hald. Vi tilbyr to tur-variantar, éin litt kortare enn den andre, men like spektakulære ...


Ein kajakktur på Nordfjorden er ein gylden moglegheit til å oppleve den mektige naturen i Nordfjord på nært hald.
Vi tilbyr to tur-variantar, éin litt kortare enn den andre, men like spektakulære i vakre omgivnader. Ingen tidlegare erfaring er nødvendig.
- Sesong: April - September
- Aldersgrense: min. 10 år (i følgje med ein vaksen/føresett)
- Vanskelighetsgrad: Enkel
- Møteplass: Mølla Gjestehus i Olden (Fjordvegen 1567, 6788 Olden)
- Oppmøte: kom gjerne 15 minutt før oppsett tid
- Kapasitet: min. 2 personar for å gjennomføre tur / maks. 10 personar per guide
(høve for inntil 30 personar per avgang fordelt i mindre grupper)


#Tur 1: Utforske kajakkpadling m/ erfaren instruktør på Nordfjorden#
- ca. 1,5 timar på fjorden (inntil 2,5 timar...

- Sesong: April - September
- Aldersgrense: min. 10 år (i følgje med ein vaksen/føresett)
- Vanskelighetsgrad: Enkel
- Møteplass: Mølla Gjestehus i Olden (Fjordvegen 1567, 6788 Olden)
- Oppmøte: kom gjerne 15 minutt før oppsett tid
- Kapasitet: min. 2 personar for å gjennomføre tur / maks. 10 personar per guide
(høve for inntil 30 personar per avgang fordelt i mindre grupper)


#Tur 1: Utforske kajakkpadling m/ erfaren instruktør på Nordfjorden#
- ca. 1,5 timar på fjorden (inntil 2,5 timar totalt inkl. introduksjon og klargjering)

Dette er ein ideell tur for å prøve kajakkpadling. Turen er godt tilpassa deg som ynskjer å utforske kajakkpadling. Ingen tidligere padle erfaring er nødvendig. Opplæring og instruksar vil bli formidla av våre lokalkjente, profesjonelle instruktører.


#Tur 2: Opplev Nordfjorden m/ profesjonell guide#
- ca. 2,5 timar på fjorden (inntil 3,5 timar totalt inkl. introduksjon og klargjering)

Turen er akkurat lang nok i vakre omgivnader. Underveis vil vi stoppe å fortelle om lokal historie, natur og kultur. Dette er ein utmerka padletur både for deg som ynskjer å prøve kajakkpadling for første gang, og for deg som har padla tidlegare. Du treng ingen tidligere padle erfaring for å bli med. Opplæring og instruksar vil bli formidla av våre lokalkjente, profesjonelle guider.


#Beskriving (for begge turane):

Vi startar frå ærverdige Mølla Gjestehus i Olden. Før vi byrjar, vil vi gjennomgå ein instruksjon- og sikkerhetsbrief. Sikkerhet er vårt mantra, så vi gir deg ei grundig innføring for å førebu deg til turen. Vi sørger for at alle veit kva dei skal gjere viss ei kantring (velte rundt med kajakken) skulle skje, og korleis vi effektivt håndterer dette på ein god og trygg måte. Av sikkerhetshensyn benytter vi doble kajakker, som er veldig stabile og lettpadla - så sjansen for å velte er svært begrensa! Du kan saman med andre nyte opplevinga og ein god samtale. Alt ligg til rette for å kunne oppleve indrefileten av Nordfjord saman med nokon du er glad i. Hugs å ta med kamera* slik at du kan ta forevige opplevinga og det storslåtte landskapet rundt deg.

* Kamera er anbefalt å medbringe, men på eige ansvar. Ta gjerne med ein vanntett pose/veske el. om nødvendig.


#Praktisk informasjon:

Begge turane inkluderer lokalkjend, profesjonell guide/instruktør og naudsynt utstyr: kajakk, padleåre, spruttrekk, padlevest (PFD) og neoprensko, samt eventuelt tørrdrakt og hanskar. Det er som regel tryggleiksfartøy med rask responstid tilgjengelig på turane.

#Krav til deltaking:

Så lenge du kan symje, og kan reise deg opp og ned, kan du bli med på kajakktur. Dette er lavterskel-turar som passar dei aller fleste. Vi anbefaler at du har gyldig reiseforsikring som dekker kajakkpadling.


Dersom du har spørsmål, eller det er anna vi kan bistå - ta gjerne kontakt:
+47 57 11 80 70 eller [email protected]

- - -
Ønskjer du å leige kun kajakk (utan guide/instruktør)?

Du kan leige kajakk dersom du kan vise til grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter for bruk av kajakk. Godkjent bevis er minimum NPF “Våttkort” (Grunnkurs HAV), EPP2, BCU 2STAR eller tilsvarande kompetansebevis.

Prisar for leige av kajakk og utstyr (2021):

Tandemkajakk - 1 time: kr 450 | 3 timar: kr 850 | Døgn: kr 1500 (inntil 24 timar)
Singel kajakk - 1 time: kr 350 | 3 timar: kr 550 | Døgn: kr 1100 (inntil 24 timar)

Inkludert: Kajakk, padleåre, spruttrekk, padlevest (PFD) og padlesko. Padlebekledning kan leigast mot tillegg i pris.

Info: