Holvikejekta – Sjøens stavkyrkje – Nyheit opnar juni 2025

Holvikejekta – Sjøens stavkyrkje – Nyheit opnar juni 2025

Holvikejekta er den einaste store opne klinkbygde jekta som finst. Her kan du oppleve fortida med å la sansane dine bli vekka av autentiske lukter frå ei svunnen tid. Ved hjelp av rampar langs veggane...

© Henning A. Hellebust
Holvikejekta er den einaste store opne klinkbygde jekta som finst. Her kan du oppleve fortida med å la sansane dine bli vekka av autentiske lukter frå ei svunnen tid. Ved hjelp av rampar langs veggane i bygget får du sjå både under og over dekket på jekta. Du finn nybygget like vest for Sandane sentrum.
Jekta er bygd etter same teknikkk som vikingeskipa. Båten er frå 1881, og vitnar om den viktige handelen som gjekk føre seg mellom Nordfjord og Bergen. Holvikejekta vart brukt til å frakte ved og trelast til Bergen, og på returen hadde den med fint mjøl, sukker, klede og andre byvarer. Holvikejekta er 20 meter lang og 8,6 meter brei, og var av dei største i sitt slag. Av dei mange store jektene som gjekk i trafikk langs kysten er Holvikejekta den einaste som er bevart i opphaveleg stand.
I det

I det same bygget finn du og ei utstilling av Nordfjordbåtar, og du kan lære om den 1000 år gamle båthistoria i Nordfjord. Det byggast framleis ulike båter i Nordfjord regionen.

Sesong:
Museet opnar 6. juni i år, og er ope i sommersesongen, og for grupper på førespurnad heile året f.o.m. hausten 2025. Besøk nettsida vår for informasjon om opningstider.

Tilrettelegging:
Museet har eigne parkeringsplassar tilrettelagt for nedsett funksjonsevne ved inngongen til bygget. Bygget er universelt utforma, med heis. Men bygget har ikkje teleslynge. Vi har heller ikkje ledelinjer, ledefelt og ledende element til synshemma.

Berre 5 minutt køyring frå jekta finn du Nordfjord Folkemuseum – der du kan oppleve ei tidsreise i Nordfjord. Eit besøk her er inkl. i inngangsbilletten på Holvikejekta.

Sandane har mykje å by på og vi anbefaler å ta ein tur i Trivselsskogen og ta ein matbit på Gloppen Hotell, som er kjend for sin gode lokalmat.

Book no

Info:

Attributes

Sommer
Vinter
Vår
Høst