CBIS 6314289
CBIS 6312159
CBIS 6312160
CBIS 6314290

Guida trugetur på Hoven | Loen skylift

Trugetur

Truger er ein flott måte å oppleve vinterlandskapet på, på ein måte som alle greier. Loen Active tilbyr guida trugeturar med utgangspunkt frå Hoven og Loen Skylift. Her kan du oppleve fantastisk utsikt til fjord og fjell medan du vandrar i eit snødekt landskap. Der er mange moglege ruter og våre erfarne guider vil tilpasse turen til vêret og nivået på deltakarane. Etter trugeturen kan vi varme oss i Hoven Restaurant.  Etter turen kan du kose deg i Hoven Restaurant - kanskje med ein kopp varm kakao, og eit godt måltid. 

Loen Skylift er ein spektakulær ny attraksjon og opplevingsarena, inst i Nordfjord, i hjartet av Fjord Norge. Ei pendelbane lyfter deg frå fjorden til 1011 m. Her kan du nyte utsikta over fjordlandskapet - frå restaurantbordet, eller ute på tur i fjellet.

FAKTA

Nivå: Lett / middels / krevjande
Varighet: 1-3 timar.
Alder: Frå 12 år.
Inkludert: Billett t/r Loen Skylift, guide, truger, stavar, varm drikke.
Ta med: Lunch (kan bestillast), snacks, drikke, varme sko, varme og vind/vanntette klede, lue, hanskar, ryggsekk. og gjerne alpinbriller.
Min. antal deltakarar: 4 personar.
Maks antal deltakarar per guide: 12 personar.

Vi møtast ved Loen Active butikken der vi sjekkar bekledning og utstyr, og går samla til Loen Skylift. På toppen får vi utdelt truger og stavar før vi vandrar ut i det vakre vinterlandskapet.

Lengd på turen blir bestemt i samråd med gruppa, og vi vel rute etter ver, snøforhold og ønskje.

Etter å ha vore ute i snøen kan du nyte utsikta i Hoven Restaurant, der det blir servert varm drikke, før vi returnerer til låglandet med Loen Skylift.

Om Loen Skylift og Hoven
Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh). Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett om sommaren og på snø i vinrerhalvåret, eller med guide.