Rugsund

Rugsund er ei bygd i Bremanger. Her finn du mellom anna Rugsund Handelsstad på Rugsundøya. Her er det freda trehusbygningar, ein koseleg handelstad med overnatting og sommarakafe.

Om produktet

Omkransa av vakker natur ligg den gamle handelsstaden Rugsund på austspissen av Rugsundøya i Bremanger. Handelshistoria i Rugsund går attende til tidleg på 1600-talet, då folk frå Bergen slo seg ned her. Gjennom 1700- og 1800-talet var staden eit viktig gjestgiveri og ein naturleg skysskifte- og båthamn for heile Nordfjord.

Skiftande handelsslekter dreiv landhandel, bakeri, sild- og fiskeforretning, sagbruk og meir frå staden gjennom åra. I dag står mellom anna to store sjøbuer, butikken, eit stabbur og det gamle bakeriet att. I 1924 vart handelsstaden freda av Riksantikvaren, og bygningane er sidan restaurerte og i god stand.

Rugsund er i dag eit roleg og idyllisk feriemål. Hamna er mykje besøkt av båtfolk, og det er gjestebryggjer og servicebygg. Rugsund Handelsstad tilbyr overnatting og har eigen kafe på sommarane. Frå Rugsund går det fleire oppmerka turstiar til andre delar av Rugsundøya, og staden er eit fint utgangspunkt for turen til fjellet Hornelen, Tongane kystfort og helleristningsfeltet på Vingen. Etter at fastlandssambandet opna i 2002, kjem du enkelt til Rugsund med bil.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Januar
  • Februar
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Oktober
  • November
  • Desember
  • Haust