Myklebustsætra i Ålfoten
Myklebustsætra i Ålfoten ligg idyllisk til ved Sætravatnet i Myklebustdalen.Om produktet
Myklebustsætra ligg rett attmed vegen mellom Ålfoten og Svelgen, og må ikkje forvekslast med andre med same namn.
Dette er ei gammal sommarseter med ein lang og rik historie. Frå gammalt stod det heile 30 hus her og på det meste var setra delt mellom tolv brukarar på Myklebust. Seterdrifta var lenge ein viktig del av gardsdrifta, der budeier tilbrakte sommaren med mjølking, kinning og ysting.
Det knyter seg òg mange forteljingar til staden, om huldrefolk i Myklebustdalen og om den siste bjørnen i Ålfoten, skoten i 1888. Det spesielle med Myklebustsætra er at her er det framleis seterdrift inn i vår tid – mykje takka vere den lette tilkomsten ved vegen. Her kan du køyre og parkere heilt fram og oppleve det historiske setermiljøet.

Eigenskapar
- Sommar
- Vinter
- Vår
- Januar
- Februar
- Mars
- April
- Mai
- Juni
- Juli
- August
- September
- Oktober
- November
- Desember
- Haust
Kontakt oss
- +47 57 79 63 00
- Til heimeside
- post@bremanger.kommune.no
-
Ålfoten
6737 Ålfoten