Myklebust Farm
Myklebust Farm på Nordfjordeid er ein besøksgard med ei heilt eiga historie – dette er garden der Myklebustskipet, verdas største vikingskip, vart funne.Om produktet
Her kan du lære om den mektige høvdingen som vaks opp her, møte dyr som alpakkar, hestar, geiter og kaniner, og nyte heimelaga mat i kaféen. Eit sjeldan møte mellom vikinghistorie og levande gardsliv - midt i Nordfjord.
Leitar du etter noko å gjere på Nordfjordeid? Myklebust Farm kombinerer to opplevingar du sjeldan finn på same stad: ein av dei viktigaste vikinghistoriske stadene i Noreg og ein levande besøksgard med dyr.
Det var her Myklebustskipet vart funne – verdas største vikingskip, brent som ein del av gravferda til kong Audbjørn for over tusen år sidan. På garden kan du lære meir om den tidligare vikinggarden, oppleve ekte gravhaugar og sjå film historia som har utspela seg her.
Myklebust Farm er òg ein levande gard der du kan møte dyr som alpakkar, hestar, geiter, kaniner, hundar og kattar i rolege og trygge omgjevnader. Her er alle velkomne, uansett alder. For dei minste er det leikeområde og aktivitetar, og kaféen er open med lett servering.
Sjå heimesida for opningstider og billettar, eller ta kontakt dersom du ønsker å besøke garden utanom ordinær opningstid. Myklebust Farm ligg berre ein kort spasertur frå Sagastad Vikingsenter, og dei to stadene passar perfekt saman som eit heilskapleg dagsbesøk.

Eigenskapar
- Sommer
- June
- July
- August
Kontakt oss
- +47 47260034
- Til heimeside
- post@myklebustfarm.no
-
Myklebustvegen 4
6770 Nordfjordeid