Keipen 1362 moh

Ta turen til Keipen, ein krevjande fjelltur i Nordfjord på 1362 meter. Turen er lang og byr på spesielle hylleforma fjellformasjonar og vakker natur.

Om produktet

Mellom Bremanger- og Kinn kommune ligg fjellet Keipen. Fjellet er eitt av dei høgaste punkta i området og turen startar frå bygda Svelgen. Undervegs passerer du dei karakteristiske hylleforma fjellformasjonane frå devontida.

Turen er veldig lang og til tider krevjande. Terrenget byr enkelte stader på smale stiar i høgda og steinur. Les deg derfor godt opp på turen før du set i gong. Namnet Keipen går igjen som fjellnamn både i Nordfjord og elles på Vestlandet så pass på at du har lest deg opp på rett fjell.

På grunn av lengda bør turen leggjast til ein dag med stabilt og fint vêr. Det er også mogleg å bli med på guida turar til fjellet for dei som ikkje er lokalkjend. Merk at turen går i eit verna naturområde. Verneområde kan ha eigne reglar, så gjer deg kjend med kva som gjeld før du dreg.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Juni
  • Juli
  • August
  • Oktober
  • Haust