Hornelen Via Ferrata (Olavsruta)

Krevjande og luftig Via Ferrata opp til toppen av Hornelen, 860 meter over havet. Olavsruta byr på spektakulær klatring, 45 meter overheng og storslått utsikt over kysten.

Om produktet

Er du klar for ei adrenalinfylt friluftsoppleving utan sidestykke? Hornelen Via Ferrata er ei Via Ferrata-rute som tek deg 860 meter over havet, til toppen av Europas høgaste sjøklippe. Loddrett spenning, med sjøen rett under deg og ørna svevande ved sida av, er noko du seint vil gløyme!

Den guida heildagsturen går heilt opp til toppen av fjellet Hornelen. Turen startar frå Smalsarhuken, gapahuken der Hekseveggen endar. Herifrå byr ruta på aukande vanskegrad før ho endar i cruxet rett før toppen. Her møter du rundt 45 meter med overhengande klatring som verkeleg får adrenalinet i gang.

I tvil om du er god nok?

Alle som klatrar Olavsruta, må ha klatra Hekseveggen først. Dette er for å teste om du har det nødvendige nivået og for å unngå potensielt farlege situasjonar under toppstøytet.

• Å klatre Via Ferrata i så spektakulære og luftige omgjevnader gir ei djuptgåande kjensle av meistring og glede. Å klatre ein av dei mest luftige Via Ferrata-rutene i verda krev sitt, men belønninga er stor!

• Olavsruta passar for deg som er i god form, har god kroppsstyrke, har erfaring med lange fjellturar, har klatra Via Ferrata tidlegare og ønskjer å utfordre deg sjølv i trygge omgjevnader med guide.

• Dei dyktige guidane tek hand om sikkerheita til deg og gruppa, slik at du kan konsentrere deg om di eiga klatring og opplevinga saman med gruppa.


Praktisk informasjon
• Pris: 2 595 kr per person
• Varigheit: Heildagstur, 8–9 timar
• Vanskegrad: Ein krevjande klatre- og fjelltur. På Via Ferrata-skalaen frå A til F er Olavsruta grad F.
• Vekt: Minimum 40 kg / maksimum 120 kg
• Alder: Minimum 18 år
• Gruppestorleik: Minimum 2 / maksimum 4 personar
• Sesong: Mai–september

Etter klatringa, og etter at du har fått nyte utsikta frå toppen, går turen ned att langs ein tilrettelagd tursti gjennom eit storslått vestlandsk kystlandskap, med litt krevjande terreng enkelte stader. Her kan du møte andre frå turfølget som ikkje tek turen opp.

Inkludert i prisen:
• Tilgang til Via Ferrata klatreløypa
• Hjelm
• Sele
• Via Ferrata-slynge
• Guide

Treng sjølv:
• Gode sko
• Passande klede
• Hanskar (kan takast med eller kjøpast i butikken)
• Dagstursekk
• Dobbel matpakke og dobbel mengd drikke. Det er ikkje tilgang på vatn undervegs.

Når du står på toppen av Hornelen og ser utover kystlandskapet, får du belønninga for innsatsen. Dette er ei oppleving for deg som ønskjer å utfordre deg sjølv og kjenne på ei heilt unik kjensle av meistring.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vår
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Haust

Kontakt oss

Book no