2 300 helleristningar og bergkunst
Det var folk her for kanskje 6000–7000 år sidan. Kvifor veit vi det? Det er over 2 300 helleristningar og bergkunst på eit ganske lite område.
Vingen bergkunstområde ligg i Vingepollen ved Hornelsfjorden, tett på Europas brattaste sjøklippe. Det er vanskeleg å kome seg dit. Men når du er der; så er det noko du aldri gløymer.
Her finst over 2 300 bergbilete – det nest største bergkunstfeltet i Noreg etter Alta. Ein av dei største konsentrasjonane av helleristningar i heile Europa. Motivet som går att mest er hjorten. Hundrevis av dei, hogde inn i stein av menneske som levde her for meir kansje 7 000 år sidan.
Kvifor hit? Kvifor dette vesle, vêrharde landet ved fjordmunningen, i ein kort periode? Det finst ingen sikre svar. Men noko ved denne staden fekk folk til å kome hit. Noko inspirerte dei til å setje merket sitt i fjellet. Mange forskarar trur Vingen var ein heilag stad – eit samlingspunkt. Om det stemmer, er desse bergflatene ikkje berre gammal kunst. Dei er eit vindauge inn i noko vi knapt kan fatte: eit andeliv, eit verdsbilde, eit språk vi har mista.
Det tek tid og planlegging å besøke Vingen. Hurtigbåten går frå Bergen, Florø eller Smørhamn på fredagar i høgsesongen, og returnerer til Florø eller Smørhamn same dagen. Området er stengt for fri ferdsel – du må bestille på førehand. Kvar vår presenterer Bremanger kommune tidene for neste sesong.
For å ta vare på området for framtida er besøk avgrensa til avtalt guiding. Det er ei open guiding i veka i høgsesong, og det kan vere maksimalt tre besøk til feltet i veka i sommarhalvåret. Det er kommunen som forvaltar besøksretten i samarbeid med Universitetsmuseet i Bergen og Statsforvaltaren i Vestland.
Vingenfeltet er dessverre ikkje universielt tilgjengeleg, og om du har gåstavar må dei vere utan piggar. Det er berre tilgang med båt og det er ikkje tilrettelagte stiar.