Gamle Grotle kyrkjegard i Bremanger

Gamle Grotle kyrkjegard ligg ved Grotlesanden og har ei lang historie med graver tilbake til mellomalderen.

Om produktet

På Grotle i Bremanger finn du ein av dei mest unike gravplassane på kysten av Nordfjord. Kyrkjegarden ligg innramma av steinmur med ope utsyn mot havet. Her kan du gå rundt mellom dei mange gravminna og lære historia om den gamle kyrkjegarden.

Det som gjer gravplassen spesiell, er det rike gravminnetilfanget. Her er registrert nærare 100 gravminne som varierer i alder, materiale, storleik, form og farge. Mange er av stein ein har funne lokalt og fleire gravminne er plassert liggjande. Før stod også den gamle Grotlekyrkja som daterer tilbake til 1300-talet. Kyrkja vart riven i 1865 då ei ny kyrkje vart reist på Frøylandet, men kyrkjegarden var i bruk heilt til 1902. I kulturminneåret 1997 vart Grotle gamle kyrkjegard kåra til Bremanger sitt kulturminne.

Kyrkjegarden er restaurert og tilrettelagt med informasjonstavler og smijernsport. Det er parkering og skilting ved staden, og ein ny, universelt utforma gangsti fører ned til kyrkjegarden. Området ligg ope og ut mot havet, så kle deg etter veret. Området er ope for alle, men hugs at dette er ein gammal gravplass, så vis omsyn under besøket.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Januar
  • Februar
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Oktober
  • November
  • Desember
  • Haust