Frå Iglandsvik til Veten

Frå Iglandsvik til Veten

Turen starter ved skilt på Iglandsvik. Du føl blå/raudmerka sti til utmarka og vidare langs fjellsida oppover til krysset der stiane går i kvar si retning.

Område: Bremanger
Type: Fottur
Gradering: Middels
Lengde og varighet: 7,5 km, 5 timer - Turen går én vei, fra A-B
Sesong: Hele året
Parkering: ved Iglandsvik Marina


Turen starter ved skilt på Iglandsvik. Du føl blå/raudmerka sti til utmarka og vidare langs fjellsida oppover til krysset der stiane går i kvar si retning.
No går du i retning vest på god sti gjennom lyng og einedekt terreng. Fleire gonger på vegen vil det opne seg utsyn mot Grotle på flatene nedanfor. Heile turen har du
Område: Bremanger
Type: Fottur
Gradering: Middels
Lengde og varighet: 7,5 km, 5 timer - Turen går én vei, fra A-B
Sesong: Hele året
Parkering: ved Iglandsvik Marina


Turen starter ved skilt på Iglandsvik. Du føl blå/raudmerka sti til utmarka og vidare langs fjellsida oppover til krysset der stiane går i kvar si retning.
No går du i retning vest på god sti gjennom lyng og einedekt terreng. Fleire gonger på vegen vil det opne seg utsyn mot Grotle på flatene nedanfor. Heile turen har du utsyn mot sør; bygdene på sørsida av Bremangerpollen, øya Frøya, øyane vidare sørover langs kysten og sjølvsagt vestover i havet.

Etter kvart passerer du gamle murar som vitnar om bruk av dette området til beite for storfe.
Etter 2 km kjem du fram til ein grusveg som du skal følje i ca 1,5 km. Du passerer no sel og hytteområdet i Nøre Bakken. Dette er det gamle seterområdet til gardsbruka på Indre Grotle.
Du går over høgda bak desse hyttene og føl dei blå merkepinnane som etter høgda går i retning vest. Langt der ute vil du skimte Vetehytta, dagsturhytta til Bremanger kommune. No går du på grasdekt underlag heilt fram til turmålet. Siste 500 m går stien i slak motbakke fram til Veten.

Det kan vere vanskeleg å finne drikkevatn etter Nøre Bakken.


Info:

Attributes

Sommer
Høst