Dagsturhytta på Veten

Gå til dagsturhytta på Veten i Bremanger, vakkert plassert med vid utsikt ut over storhavet. Turen startar ved den kjende stranda Grotlesanden og passar for dei som likar ein luftig og fin dagstur.

Om produktet

På toppen av Veten, om lag 520 meter over havet, ligg dagsturhytta i Bremanger med flott utsyn ut mot havet. Turen startar ved Grotlesanden og går frå naustrekkja, gjennom ei grind i steingarden og opp i utmarka. Turen er 4,3 km kvar veg og tek rundt to timar opp i moderat tempo. Hytta er alltid open og her kan du ete matpakka di, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Vinter
  • Vår
  • Januar
  • Februar
  • Mars
  • April
  • Mai
  • Juni
  • Juli
  • August
  • September
  • Oktober
  • November
  • Desember
  • Haust