Blåfjellshallen | Melkevoll Bretun

Blåfjellshallen er ein unik hall bygd rundt ein stor stein i Oldedalen, med utsikt mot isbrear og fossefall. Perfekt for yoga, retreat, kurs, konsertar og kulturarrangement.

Om produktet

For meir enn 6000 år sidan gjekk eit stort steinras i dalsida frå Blåfjellet inst i Oldedalen. Store steinar vart liggande att i fjellsida og utgjer i dag ei steinur. Denne steinura rammer inn Melkevoll Bretun, som tilbyr hytter og camping kvar sommarsesong. På eit av utsiktspunkta, inntil ein av dei største steinane i ura, har Inge Melkevoll skapt Blåfjellshallen – ein særprega bygning i stein, tre og glas. Her er det utsikt mot isbrear, fjell og det mektige fossefallet Vollfossen. Blåfjellshallen (Blue Mountain Hall) er bygd i pakt med naturen og landskapet rundt.

BLÅFJELLHALLEN - YOGA OG RETREAT

Melkevoll Bretun er base for Blåfjellshallen og Blue Mountain Yoga. Her blir det arrangert yogaklassar fleire gongar i veka gjennom hovudsesongen, samt ope rom for dei som ynskjer å praktisere yoga sjølv på morgonen. Her kan ein skape sitt eige retreat i naturen,, eller delta på eit av dei arrangerte samlingane med yoga, sunn mat og erfarne instruktørar.

I tillegg til kursverksemd blir Blåfjellshallen brukt til feiringar, korsamlingar, konsertar og andre arrangement.

Blåfjellshallen har ei spesiell utforming, bygd opp etter ein stor stein i ura, med glastak med utsikt mot Vollfossen og isbrear.

www.bluemountainyoga.no
Les meir om Blåfjellshallen her: https://www.nordfjord.no/blafjellshallen-melkevoll-bretun


KURS OG UTLEIGE

Blåfjellshallen er bygd rundt ein stor stein som utgjer den eine veggen. Ideen var å skape ein samlingsplass i pakt med naturen, der ein kan arrangere kurs, konsertar og nokre typar samlingar. Hallen stod ferdig sommaren 2018, og har sidan då vert brukt til konsertar, kurs, namndag, yogakurs og samlingar blant anna.

Hallen kan leigast til ulike typar samlingar, særleg kulturarrangement.
● Det er sitjeplass og stolar til omkring 100 personar.
● Det er bord og stolar til opptil 60 personar.
● Hallen er utstyrt med musikkanlegg og mikrofon.
● Toalett, vatn og andre fasilitetar finst i resepsjonsbygget på Melkevoll Bretun, om lag eitt minutts gange frå hallen.
● Hallen blir berre leigd ut til alkoholfrie arrangement og samlingar.

Eigenskapar

  • Sommar
  • Juni
  • Juli
  • August

Kontakt oss

Book no