Yrineset
Yrineset i Oldedalen ønskjer å gje gjestane ei triveleg oppleving omgitt av høge fjell, fossar og brear. I nærleiken av Briksdalsbreen kan du samle gjestar til arrangement i storslått vestlandsnatur.Om produktet
Yrineset ligg idyllisk til i Oldedalen i Nordfjord, vakkert plassert ved breidda av Oldenvatnet. Her blir det lagt til rette for arrangement og selskap for grupper frå 20 til 110 personar som ønskjer ei naturramme rundt samlinga. Yrineset eignar seg for firmaturar, blåturar, bryllaup, konfirmasjonar, barnedåp, bursdagsfeiringar, familiesamankomstar, skuleturar, jubileum og julebord. Selskapslokalet er spesielt og stemningsfullt – perfekt for dei som ønskjer ei annleis og naturbasert oppleving.
Ved elveosen kan gjestane få oppleve ein gamal tradisjon med notkast. Fisken kan tilberedast og grillast på staden, noko som gir ei autentisk og minnerik oppleving.
Det er mogleg å setje saman opplevingspakkar i samband med arrangement, til dømes med båttur, besøk i steinhola og andre aktivitetar i området. Det kan også formidlast kontakt med leverandørar av mat og servering tilpassa arrangementet.
Store delar av området er under tak, slik at regn og dårleg vêr ikkje er til hinder for god stemning.
Yrineset er bygd opp av Dagrun og Svein Yri over fleire år, og har utvikla seg til eit unikt opplevingsområde med sterk tilknyting til vatnet og naturen rundt. Her kan ein finne avkopling frå kvardagsstresset og nyte ei ekte naturoppleving. Rundt bålet kan ein smake bålkaffi medan ein lyttar til fuglesong og fossedur – ei stemning som er like særprega i både sol og regn. Dette er ei naturoppleving av det sjeldne.
På Yrineset finn du også Yri Outdoor, ein familieeigd utandørskafé og opplevingsbedrift ved Oldevatnet i Oldedalen. Her kan du nyte mat og drikke, leige kano, kajakk og robåt, eller oppleve den vedfyrte badstua med utsikt mot fjell, fossar og brear. Yri Outdoor er også eit fint utgangspunkt for fjellturar og andre naturopplevingar i Oldedalen.
For opningstider, booking og andre henvendelser, besøk nettsida eller ta direkte kontakt med Yrineset.

Eigenskapar
- Sommar
- Vår
- Mai
- Juni
- Juli
- August
- Haust